Youngstorget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 59°54′53.766″N 10°44′55.496″E

Folketeatret, teikna av Morgenstierne & Eide i art deco-stil i 1935, er hovudkontoret til Det Norske Arbeidarparti.
Foto: Kjetil Ree
Torget med Møllergata 19 i 1866, da første byggetrinn var ferdig. Fronten mot torget var lågare enn i dag, og bygningen med fengselet ruva i bakgrunnen. Oppe til høgre kan ein sjå kuppelen på Trefoldighetskyrkja. Bilete frå Byhistorisk samling, Oslo Museum.

Youngstorget er eit torg i sentrum av Oslo opparbeidd i 1846. Det er avgrensa av Youngs gate, Eva Kolstads gate og Møllergata. Torggata går tvers over torget. Torget er kalla opp etter kjøpmannen og stortingsrepresentanten Jørgen Young, eigar av Youngsløkken.[1] Youngsløkken låg der torget ligg i dag.

Youngstorget fekk namn i bystyret i 1951. I åra frå 1852 til 1951 var det offisielle namnet Nytorvet.[1]

Youngstorget er òg hovudsete for det politiske partiet Venstre og tidlegare til Framstegspartiet, men først og fremst kjend som hovudarena for den norske arbeidarrørsla, Det Norske Arbeidarparti sitt hovudkontor ligg i Folketeatret, det same gjer Folkets Hus. På motsatt side av Folketeatret ligg den tidlegare hovudpolitistasjonen i Oslo; Møllergata 19.

Sjølve torget er lokalt listeført som handelsanlegg og er eit kulturminne.[2]

Torget er i dag hovudtorget i Oslo kor det blir selt grønsaker, frukt og bær og ein gong i veka er eggseljarane på plass. I sumarhalvåret er det òg bodar med mellom anna souvenirer og solbriller til sals.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Torget blei etablert i 1846 for å ta hand om torghandelen i byen og ta over delar av aktiviteten som inntil da hadde gått føre seg på Stortorget. Området var berre ein grusplass på leirgrunn.[4]Meininga var at bøndene frå landsbygda skulle selje landbruksprodukta sine her, men torget utvikla seg til å bli ein plass kor dei selde kyr.[1] Dette endra seg etter kvart utover i 1850-åra.

Rett inntil torget låg Vaterland kyrkjegard for fattigvesenet fram til 1811.[5] I åra 1862-66 bygde kommunen politistasjon - Møllegata 19, fengsel og rettslokalar på tomta.

Bygningar rundt torget[endre | endre wikiteksten]

Basarhallane på Youngstorget som låg der Folketeatret ligg no. Fontena til venstre i forgrunnen blei satt opp på torget i 1880.[1] Biletet er frå rundt 1890-1900.
Foto: Ukjent / Oslo Museum

Youngstorget nummer 1 er ein bygard i mur frå rundt 1870–1900 med tilhøyrande bakgard.[6] Den ligg på same side som Folketeaterbygninga, på hjørnet mot Youngs gate. Framstegspartiet hadde lokalar i garden fram til dei flytta til Karl Johans gate.[1] Garden med bakbygninga er lokalt listeført som bevaringsverdig og er ført opp som kulturminne.[7]

I nummer 2 ligg Folketeaterbygninga, teikna av Morgenstierne & Eide i art deco i 1935, og hovudkontoret til Det Norske Arbeidarparti. Fram til Operahuset i Oslo stod ferdig i 2008 held Den Norske Opera til her. I toppetasjen ligg Restauranten Stratos. Bygninga er freda.[8]

Der Folketeaterbygninga ligg låg det tidlegare basarhallar; tre bygningar ved sida av kvarandre med kvart sitt namn; Thaulowbasaren, Gjerdrumbasaren og Glasshusa. I kjellaren under den eine basaren vart det innreia ein stor ølhall kor det var opptredener av visesongarar med meir. Initiativet til dette var teken av målaren Frits Thaulow. Basarhallane blei rivne i byrjinga av 1930-åra for å gje plass til Folketeatret.[9]

Både nummer 3 og nummer 4 er bygardar i mur frå rundt 1870-1900.[6] Nummer 3 er ein hjørnegard som ligg på same side som Folketeatret med den eine sida ut mot Pløens gate. Nummer 4 ligg på den andre sida ved Torggata. Begge bygningane er lokalt listeført som bevaringsverdige og er oppført som kulturminne.[10][11]

Tvers overfor nummer 4 på den andre sida av Torggata ligg Stensbakgarden i nummer 5. Den er opphaveleg frå 1898 og er teikna av Kristen Rivertz.[6] Dette er ein av de mange kjente forretningsgardane i Oslo av Rivertz frå 1890-talet.[12] Den er kalla opp etter Petter Stensbaks jarnvarehandel som låg i bygninga frå 1924. Garden brann to gonger på 1990-talet og blei gjenreist bak den gamle rehabiliterte fasaden. Arkitekt for prosjektet var Eivind Eriksen.[1]Bygninga er eit kulturminne.[13]

Basarhallane mellom Møllergata og Youngstorget teikna av Jacob Wilhelm Nordan fotografert i 2008.
Foto: Mahlum
Folkets Hus sett frå Youngstorget.
Foto: Kjetil Ree

På ei høgde over plassen - tvers overfor Folketeatret - ligg den tidlegare politistasjonen Møllergata 19. Bygninga var den første som kom på plass etter at torget var blitt opparbeidd i 1846. Byggeperioden stod på frå 1862 til 1866. Arkitekt var Jacob Wilhelm Nordan som òg stod for ei utviding av bygget i 1877.[14]Møllergata 19 fungerte som politistasjon fram til det nye politihuset på Grønland stod ferdig i 1978.[15] Nummer 19 og øvrige område i Regjeringskvartalet er verna kulturminne.[16]

Nordan har òg teikna basarane som ligg mellom Møllergata og Youngstorget med opne buer mot torget. Basarane vert kalla Youngstorgets basar eller Nytorvets basar og er frå same periode som utvidinga av Møllergata 19. Det hadde 40 rom da bygget var nytt. Meininga var at basarane skulle vere ei avlasting for basarhallane ved Oslo domkyrkje.[9]Basarhallane er òg eit kulturminne.[2]

Dagens Folkets Hus har adresse Youngs gate 11 og blei ført opp i to byggetrinn etter teikningar av Knut Knutsen.[17] Huset er administrasjonsbygg for LOs sekretariat og for fleire fagorganisasjonar. Det er lokalt listeført som kulturminne.[18]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Oslo byleksikon, side 633
  2. 2,0 2,1 Handelsanlegg - Nytorvet - Youngstorget i Riksantikvarens nettstad kulturminnesok.no
  3. Et levende Youngstorg! frå Aktiv i Oslo (Vitja 20. januar 2014)
  4. Peter Butenschøn: Norske gater og plasser : våre viktige byrom gjennom 200 år, forlaget Press 2012, side 201, ISBN 978-82-7547-573-0
  5. Oslo byleksikon, side 610
  6. 6,0 6,1 6,2 Byantikvarens Gule liste
  7. Bygårdsanlegg - Youngstorget 1 i Riksantikvarens nettstad kulturminnesok.no
  8. Folketeaterbygningen i Riksantikvarens nettstad kulturminnesok.no
  9. 9,0 9,1 Oslo byleksikon, side 68
  10. Bygårdsanlegg - Youngstorget 3 i Riksantikvarens nettstad kulturminnesok.no
  11. Bygårdsanlegg - Youngstorget 4 i Riksantikvarens nettstad kulturminnesok.no
  12. Kristen Tobias Rivertz (1862-1937) Arc! ved Geir Tandberg Steigan
  13. Bygårdsanlegg - Stensbackgården - Youngstorget 5 i Riksantikvarens nettstad kulturminnesok.no
  14. Oslo byleksikon, side 376
  15. Oslo byleksikon, side 452
  16. Offentlig institusjon - Regjeringskvartalet - Akersgata/Teatergata/Møllergata/Einar Gerhardsens plass i Riksantikvarens nettstad kulturminnesok.no
  17. Oslo byleksikon, side 170
  18. Annen bygningslokalitet - Folkets hus - Youngs gate/Møllergata i Riksantikvarens nettstad kulturminnesok.no

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Youngstorget