Your Latest Trick

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Your Latest Trick
Singel av Dire Straits
frå albumet Brothers in Arms
Utgjeve 1986
1993 (Frankrike)
Innspelt 1985
Sjanger Jazzrock
Lengd 6:33
Selskap Vertigo/Warner Bros.
Tekstforfattar Mark Knopfler
Låtskrivar(ar) Mark Knopfler
Produsent Mark Knopfler, Neil Dorfsman
Dire Straits-kronologi 
«Walk of Life»
(1986)
Your Latest Trick «Calling Elvis»
(1991)


«Your Latest Trick» er ein song av Dire Straits frå albumet Brothers in Arms i 1985. Han vart òg gjeven ut på konsertalbumet On the Night og det same konsertopptaket vart gjeven ut på samleplate Sultans of Swing: The Very Best of Dire Straits. Studioversjonen vart òg gjeven ut på samleplata The Best of Dire Straits & Mark Knopfler: Private Investigations.

Tekst og musikk[endre | endre wikiteksten]

Randy Brecker spelar trompet på introen på CD-versjonen, men denne manglar på vinylversjonen. Etter dette kjem det ein saksofonintro av Michael Brecker, som òg spelar saksofonsoloen. Chris White spelte saksofon på turneane etter Brothers in Arms og On Every Street.

Saksofonintroduksjonen vert ofte nytta når folk testar ut saksofonar i musikkforretningar,[1] på same måte som Led Zeppelin sin «Stairway to Heaven» vert mykje nytta under testing av gitarar.

Singelutgåva[endre | endre wikiteksten]

«Your Latest Trick» vart gjeven ut som ein 12" maxi-singel den 28. april 1986, som den femte singelen frå «Brothers in Arms» i Storbritannia, i tillegg til utvalde andre land, som Brasil.[2] Singelen vart ikkje gjeven ut i USA. Han nådde 26. plassen i Storbritannia.

Dei andre songane på singelen var «Irish Boy» og «The Road», begge soloinnspelingar av Mark Knopfler.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

7"
  1. «Your Latest Trick"
  2. «Irish Boy» av Mark Knopfler
  3. «The Road» av Mark Knopfler
12" maxi
  1. «Your Latest Trick» — 6:28
  2. «Irish Boy» av Mark Knopfler — 4:36
  3. «The Long Road» av Mark Knopfler — 7:13

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1986) Plassering
Irish Singles Chart[3] 6
UK Singles Chart[4] 26
Liste (1993)1 Plassering
Frankrike[5] 1

1 EP «Your Latest Trick» / «Encores»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mark Knopfler on Sultans of Swing: The Very Best of Dire Straits DVD
  2. http://www.discogs.com/Dire-Straits-Your-Latest-Trick/master/23952
  3. Irish Single Chart Irishcharts.ie (Henta 10 April 2008)
  4. UK Singles Chart Chartstats.com (Henta 10 April 2008)
  5. "Your Latest Trick» / «Encores», in French Singles Chart Lescharts.com (Henta 10 April 2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]