Your Wildest Dreams

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Your Wildest Dreams
av The Moody Blues
frå albumet The Other Side of Life
B-side

«Talkin' Talkin'»

Utgjeve 9. april 1986
Innspelt 1985
Sjanger Poprock, New Wave
Lengd 4:51 (album)
3:51 (singel)
Selskap Polydor Records
Låtskrivar(ar) Justin Hayward
Produsent Tony Visconti
The Moody Blues-kronologi 
«Running Water»
(1984)
Your Wildest Dreams «The Other Side of Life»
(1986)


«Your Wildest Dreams» er ein song frå 1986 av progrockbandet The Moody Blues, og vart skriven av gitarist og songar Justin Hayward. Songen vart først gjeven ut som singel og så på albumet The Other Side of Life same året. Songen nådde 9. plass på singellista i USA og gjekk heilt til topps på Adult Contemporary-lista,[1] og andreplass på Mainstream Rock-lista.

Det førre albumet til The Moody Blues, The Present, hadde gjort det relativt dårleg og Moody Blues mista noko av det yngre publikumet sitt. Suksessen til «Your Wildest Dreams» introduserte Moody Blues på ny for eit yngre publikum.

Bandet flytta seg mot ein meir elektronisk stil og var mindre avhengig av bandmedlem Ray Thomas, som hovudsakleg spelte fløyte i bandet. «Your Wildest Dreams» var ein av dei første singlane utan Thomas i det heile, sjølv om Thomas framleis var viktig på Moody Blues-konsertane, der han spelte fløyte på tidlegare songar, i tillegg til å synge korvokal.

Det vart laga ein musikkvideo for «Your Wildest Dreams» som vann Billboard Video of the Year-prisen. Videoen vart mykje spelt på MTV. Modellen i videoen er Janet Spencer-Turner.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1986 Adult Contemporary 1
Mainstream Rock Tracks 2
Billboard Hot 100 9
Australske Kent Music Report 20

Årslister[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1986 Billboard Hot 100 91

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 174.