Yrkefjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Yrkefjorden er ein fjordarm av Vindafjorden eller Krossfjorden og utgjer den vestlege delen av «krossen». Fjorden er om lag 12 km lang og har ein sidefjord, Vatsfjorden, som går rett nordover om lag halvvegs inn i fjorden. Vatsfjorden er om lag 5 km lang.

Yrkefjorden ligg langs grensa mellom kommunane Vindafjord i nord og Tysvær i sør. Innløpet i aust ligg mellom Metteneset i sør og Fløkje i nord. Nordvest for innløpet går Sandeidsfjorden vidare nordover.

Det ligg berre små busetnader langs fjorden. På sørsida ligg grenda Vassendvik, om lag rett sør for innløpet til Vatsfjorden. Inst i fjorden ligg bygda Yrke, som fjorden er kalla opp etter.