Ystad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 55°25′59.876″N 13°49′2.5248″E

Ystads byvåpen
Ystad
Ystads jernbanestasjon
Ystad teater
Gråbrödraklostret i Ystad

Ystad er ein svensk by i Skåne län i landskapet Skåne, 55 km søraust for Malmö. Han er administrasjonssenter for Ystad kommune og i 2011 hadde byen 18 350 innbyggjarar.

Han er eit handelssenter for det søraustlege Skåne med verkstads- og næringsmiddelindustri. Byen er òg eit veg- og jernbaneknutepunkt med ferjesamband til RønneBornholm og Šwinoujście i Polen. Ystad er ein turist- og badestad og ein av dei best bevarte mellomalderbyane i Sverige med mange gamle bindingsverkshus. Mariakyrkja er frå kring 1200, medan Gråbrødreklosteret er frå 1267. Ystad fekk bystatus på midten av 1200-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]