Ytraberget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ytraberget er ei halvøy i Hafrsfjord i Sola kommune. Ytraberget heng saman med Indraberget, mellom Sørnesvågen og Grannesvågen. Harald Hårfagre (ca 865-ca 933) fullførte samlinga av Noreg til eit rike ved Slaget i Hafrsfjord, og dei siste motstandarane flykta opp til bygdeborga på Ytraberget mot slutten av slaget. Bygdeborgen på Ytraberget er nemnt i Snorres kongesagaer Heimskringla, det var truleg her agderkongen Kjøtve den rike søkte tilflukt før han rømde vidare nedover Jæren. På toppen av berget er det eit platå på ca 100 x 50 m. Det er dette som er selve bygdeborgen. Eit særtrekk ved Ytraberget er de tre, kanskje fire, små tuftene på om lag 8 x 5 m. Ein bautastein med Kong Olavs signatur blei reist på toppen av Ytraberget ved 1100-årsjubiléet til slaget i Hafrsfjord i 1972. Det er gode bade- og fiskemulegheiter ved Ytraberget.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Arkeologisk Museum i Stavanger om Ytraberget [1]