Ytre Hebridane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ytre Hebridane
Comhairle nan Eilean Siar
Geografi
Areal
3 071 km²
Administrasjonsstad
Stornoway
Demografi
Folketal
- Totalt (2008)
- Folketettleik

26 200
8,5 /km²

Ytre Hebridane (skotsk-gælisk Na h-Eileanan Siar) er ei øygruppe utanfor vestkysten av Skottland. Øygruppa er ein av 32 regionar i Skottland.

Øygruppa er ein del av Hebridane som er skild frå det skotske fastlandet av Indre Hebridane og det stormfulle farvatnet The Minch, Little Minch og havområdet kring Hebridane.

Øyane vart kalla Suðreyjar («Sørøyane») under Noreg i om lag 200 år fram til øyane vart overførte til Skottland med Perth-traktaten i 1266 etter slaget ved Largs tre år tidlegare. Øyane vert stundom kalla An t-Eilean Fada eller «Den lange øya», Na h-Eileanan a-Muigh eller «Dei ytre øyane» og Innse Gall eller «Dei utanlandske øyane». Det sistnemnte namnet vart nytta av skottane på fastlandet då Hebridane vart styrt av vikingane.

Øyane[endre | endre wikiteksten]

Dei største øyane i øygruppa er Lewis og Harris, North Uist, Benbecula, South Uist og Barra. Det meste av vestkysten på øyane er machair, eit frodig lågtliggande beiteland av sanddyner.[1] Det meste av øygruppa er verna område og dette omfattar både øyane og det omliggande farvatnet. Her finst fleire sjeldne dyreartar, inkludert kongeørn, brugde, kval, delfin, oter og åkerrikse.[2]

Folkesette øyar[endre | endre wikiteksten]

Øy Folketal i 2001
Lewis og Harris (Leòdhas agus na Hearadh) 19 918
South Uist (Uibhist a Deas) 1818
North Uist (Uibhist a Tuath) 1271
Benbecula (Beinn nam Fadhla) 1219
Barra (Barraigh) 1078
Scalpay (Sgalpaigh) 322
Great Bernera (Bearnaraigh Mòr) 233
Grimsay (Griomasaigh) 201
Berneray i Hebridane (Beàrnaraigh) 136
Eriskay (Eirisgeidh) 133
Vatersay (Bhatarsaigh) 94
Baleshare (Baile Sear) 49
Grimsay i Hebridane (Griomasaigh) 19
Flodaigh 11
Totalt (2001) 26 502
Hebridane (Ytre Hebridane i oransje)

Folketomme øyar[endre | endre wikiteksten]

Det finst mange øyar som ikkje er busette, mellom anna Barra Isles, Flannan Isles, Monach Islands, Shiant Isles og øyane Loch Ròg. I lag med mange av dei andre øyane i Skottland, vart dei meir fjerntliggjande øyane forlatne på 1800- og 1900-talet, i somme tilfelle etter å ha vore kontinuerleg busette sidan førhistorisk tid.

Mange småøyar ligg spreidd rundt dei større øyane i gruppa. I vest ligg St Kilda og Rockall. Rockall er ei omstridd britisk øy, som både Irland, Færøyane og Island har gjort krav på. Mellom St Kilda og Rockall ligg Anton Dohrn, ein stor undersjøisk vulkan.[3] I nord ligg North Rona og Sula Sgeir, to små og fjerntliggjande øyar. Desse vert ofte ikkje rekna som ein del av Ytre Hebridane, men høyrer til den adminsitrative delen av dei.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste av øyane har grunnfjell av gneis. Desse er dei eldste bergartane i Europa og nokre av dei eldste i verda. Dei skal ha vorte danna i prekambrium, opp mot tre milliardar år sidan.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Førhistorie[endre | endre wikiteksten]

Hebridane har vore busett sidan mellomsteinalderen og har fleire viktige førhistoriske stader. Eilean Dòmhnuill i Loch Olabhat på North Uist vart bygd om lag 3200-2800 f.Kr. og kan ha vore den fyrste skotske crannog.[4][5] Callanish Stones er frå kring 2900 f.Kr. og er det beste dømet på steinsirklar i Skottland, 13 monolittar med høgder på ein til fem meter som dannar ein sirkel med ein omkrins på 13 meter.[6][7][8] Cladh HallanSouth Uist er den einaste staden i Storbritannia med førhistoriske mumiar og på Lewis ligg imponerande ruinar av Dun Carloway frå jernalderen.[9][10][11]

Hebridane under nordmennene[endre | endre wikiteksten]

Dei ytre og indre Hebridane kom under norsk kontroll før 800-talet. Dette vart stadfest i 1098 då Edgar av Skottland signerte ei avtale som gav Magnus III av Noreg rett over dei. Dette skjedde etter at den norske kongen hadde erobra Orknøyane, Hebridane og Isle of Man same året, frå dei norske leiarane på desse øyane. Ved å erobra øyane la Magnus III desse nordmennene, som hadde teke øyane fleire hundreår tidlegare, under seg og fekk meir direkte kontroll over dei.

Nordmennene på både dei Indre og Ytre Hebridane var nesten i konstant krigføring før dei til slutt vart fråskilte i 1156. Ytre Hebridane kom under Kongedømet Suderøyane og Man, medan Indre Hebridane braut under Somerled, ein norsk-keltisk slektning av både Lulach og kongehuset på Man.

Etter sigeren hans i 1156, tok Somerled to år seinare kontroll over Isle of Man og vart den siste kongen av Suderøyane og Man som styrte over alle øyane kongedømet ein gong hadde omfatta. Etter Somerled døydde i 1164 hadde herskarane av Man berre kontroll over Ytre Hebridane.

Etter Perth-traktaten i 1266 vart Ytre Hebridane, i lag med Isle of Man, gjevne til Kongedømet Skottland.[12]

Gælisk på Ytre Hebridane[endre | endre wikiteksten]

Ytre Hebridane har historisk vore eit område der skotsk-gælisk språk har stått sterkt. Både i folketeljingane i 1901 og 1921 hadde alle sokna over 75 % gælisktalande. I 1971 hadde dei fleste områda framleis over 75 % gælisktalande.

Etter den tid har talet på gælisktalande gått ned. I 2001 var det totalt rundt 59 % gælisktalande.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Murray, W.H. (1966) The Hebrides. London. Heinemann. side 171 & 198
  2. Comhairle nan Eilean Siar: Environment, arkivert frå originalen 8. september 2008, henta 14. desember 2009 
  3. WWF North-East Atlantic Programme - Seamounts report (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 30. oktober 2008, henta 14. desember 2009 
  4. Armit (1998) s. 34.
  5. Crone, B.A. (1993) «Crannogs and chronologies» (pdf) Proceedings of the Society of Antiquarians of Scotland. 123 s. 245-54.
  6. Li (2005) s. 509.
  7. Murray (1973) s. 122.
  8. "Lewis, Callanish, 'Tursachan' " Arkivert 2012-08-06 ved Wayback Machine. RCAHMS.
  9. "Mummification in Bronze Age Britain" BBC History.
  10. "The Prehistoric Village at Cladh Hallan". University of Sheffield.
  11. "AD 200 - Valtos: brochs og wheelhouses" archaeology.co.uk Retrieved 1 August 2009.
  12. Hunter (2000) s. 74, 102–05, 111.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Reiseguide for Outer Hebrides frå Wikivoyage