Ytre Rendal kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ytre Rendal kommune var ein tidlegare sjølvstendig kommune i Hedmark, ein del av Rendal formannskapsdistrikt frå 1837.

I 1880 vart Rendal delt i Ytre- og Øvre Rendal kommunar. Ytre Rendal kommune hadde då 1 661 innbyggjarar.

1. januar 1965 vart Ytre- og Øvre Rendal kommunar slegne saman til den nye Rendalen kommune. Ytre Rendal hadde ved samanslåinga 1 913 innbyggjarar.

Etter grensejusteringar i Ytre- og Øvre Rendal, Tolga og Trysil kommunar, vart Engerdal kommune oppretta som eigen kommune 1. januar 1911. Frå Ytre Rendal kommune vart eit område med 311 innbyggjarar lagt til den nye kommunen.