Ytreland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ytreland er ein matrikkelgard i Giske kommuneSunnmøre. Garden ligg på vestsida av Valderøya, og er den nordlegaste på vestsida av øya. Han grensar mot Skjong i sør, medan det i nord er ubygt.

Ytreland har gardsnummer 188 i Giske, som garden hadde i tidlegare Borgund kommune. Han høyrde til Giskegodset, og var truleg busett frå ein gong på 1500-talet. Fram til 1804 var garden einbølt, sidan var det to gardsbruk på Ytreland. På 1800-talet var også enkelte strandsitjarfamiliar bufaste på Ytreland. I fiskeværet Hustruhamna, nokre hundre meter nord for gardstuna, budde ein familie fast i nokre tiår kringom 1900. Midt på 1980-talet vart det bygt veg over Ytreland og bru over Giskesundet til øya Giske i vest, og ny hovudveg til Vigra på vestsida av Valderøya forbi Ytreland.

Forma Ytterland er i dominerande bruk mellom lokalbefolkninga.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Ragnar Øvrelid: Borgund og Giske, band III, 1964