Ytterby gruve
Ytterby gruve ligg på Resarö i Vaxholm kommune utanfor Stockholm i Sverige. På slutten av 1700-talet vart det funne ei rekkje uvanlege og ukjende mineral i steinar frå gruva, og i desse minerala oppdaga forskarane ikkje mindre enn sju grunnstoff:
Sverige generelt, og Ytterby gruve spesielt, har spelt ei viktig rolle i oppdaginga av ulike sjeldne jordarts-element. Namnsettinga av grunnstoffa vart òg prega av funnstaden, t.d. gadolinium (oppkalla etter professor Johan Gadolin), holmium (frå det Latinske namnet for Stockholm), scandium, thulium (Thule = dei nordiske landa) og, naturlegvis, ytterbium, erbium, terbium og yttrium, som alle har vorte kalla opp etter sjølve Ytterby gruve.
I 1989 vart gruva registrert som eit historisk minnesmerke av det amerikanske selskapet for material, ASM (American Society for Materials). Eit gruvemuseum finst på øya.
Sjå òg[endre]
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Ytterby gruve» frå Wikipedia på bokmål, den 7. april 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Blom, Carl-Hugo (2006-06-18). «Ytterby gruva» (på svensk). Stockholms läns hembygdsförbund. http://www.hembygd.se/index.asp?DocID=2785. Henta 2010-02-02.
Bakgrunnsstoff[endre]
- Film om Ytterby gruve - periodicvideos.com
- Oppdagarhistorie og etymologi for grunnstoffa frå Ytterby