Yttrialitt-(Y)
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Yttrialitt-(Y) er eit sjeldant yttrium-thorium-sorosilikatmineral med same kjemiske samansetnad som keiviitt-(Y) (Y,Th)2Si2O7. Det opptrer alltid i metamikt tilstand og er sterkt radioaktivt på grunn av thoriuminnhaldet.
Det vart først skildra i 1889 i Texas. I Noreg kjenner ein mineralet frå granittpegmatitt i Iveland.
Kjelder [endre]
- Store norske leksikon, snl.no, «Yttrialitt-(Y)»