Yuan Shikai
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Yuan Shikai | |
| President av Kina Keisar av Kina |
|
| Regjeringstid | 1912-1915 1915-1916 |
|---|---|
| Fullt namn | 袁世凯 pinyin Yuán Shìkǎi Wade-Giles Yüan Shih-k'ai |
| Fødd | 6. september 1859 i Xiangcheng i Henan i Kina |
| Død | 6. juni 1916 i Beijing |
Yuan Shikai (6. september 1859–6. juni 1916) var ein offiser og politikar under det seine Qing-dynastiet og tidleg under republikken i Kina. Han spelte ei viktig rolle i begge historiske epokar. Han vart president i Republikken Kina i 1912, etter det kortvarige styret til Sun Yat-sen, og akkumulerte snart diktatorisk makt. I 1916 utropte han seg til keisar og ønskte slik å starte eit nytt kinesisk keisardynasti. Han oppgav prosjektet etter nokre månader, og døydde kort tid deretter.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Yuan Shikai» frå Wikipedia på bokmål, den 17. april 2010.