Yuichiro Miura

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Yuichiro Miura (fødd 12. oktober 1932) er ein japansk alpinist. Han var son til skiløparen Keizo Miura og far til freestyler og alpinist Gouta Miura.

Yuichiro Miura vart i ein alder av 70 år den eldste til å klatre Mount Everest i 2003. Han vart òg første 75-åringen 26. mai 2008 og 80-åring 23. mai 2013.

Yuichiro Miura vart den første til å køyre på ski ned Mount Everest då han køyrde utfor South Col-toppen 6. mai 1970. Denne bragda er dokumentert i filmen The Man Who Skied Down Everest frå 1975.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]