Yule

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Yule er det gamle engelske og angelsaksiske ordet for midvinterfeiringa jul. Ordet er i stor grad blitt erstatta av Christmas, men overlevde lenge i nordbritiske dialektar, og blir framleis brukt i visse samanhengar. Det kan visa berre til juledag eller til heile julehøgtida på tolv dagar.

På gammalengelsk kunne ordet også visa månadane som tilsvarte romerske desember (se ǽrra geóla) og januar (se æftera geóla).

The Yule Log. Viktoriansk framstilling av Yule log-skikken.

Yule-skikkar[endre | endre wikiteksten]

Markeringa av jul som «Yule» heldt seg lengst i England i dei områda som hadde vore under vikingstyre, Danelagen. Mellom anna pleidde folk i Yorkshire og andre nordlege område rope «Yule Yule Yule» etter preika i kyrkja juledagen, og springa rundt i gatene og synga om «Yule». I York blei det halde eit årleg opptog der ei personifisering av Yule framførte The Riding of Yule and his Wife som erkebiskopen av York prøvde å få slutt på i 1572.

Ein annan Yule-skikk som kan vera noko nyare er Yule log, opphavleg ein stor trekubbe ein tende på julaftan og heldt fyr på heile neste dag. Det var rekna som ulukkesvarsel om flammen slokna i løpet av juledagen. Dei eldste konkrete referansane ein har til ein slik skikk er frå 1600-talet. I dag kan «Yule log» også visa til ei sjokoladekake forma som ein trestubbe som ein lager til jul.

Nyheidensk yule[endre | endre wikiteksten]

Ordet og høgtida er også blitt teke opp av nyheidningar som følgjer den rekonstruerte germanske kalenderen. Desse feirar yule ved vintersolkverv, det vil seia rundt den 21. desemberden nordlege halvkula og den 21. juni på den sørlege.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Yule» i Oxford English Dictionary
  • Simpson, Jacqueline; Roud, Steve (2000), «Yule», A Dictionary of English Folklore, Oxford University Press