Yulin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Yulin si plassering i Shaanxi
Gatescene i Yulin

Yulin (kinesisk: 榆林, pinyin: Yùlín) er eit byprefektur langt nord i provinsen Shaanxi i det sentrale Kina. Prefekturet dekker eit areal på 43 578 km², derav 42% ørken på Ordosplatået, og har om lag 3,38 millionar ibuarar.

Byprefekturet Yulin omfattar eitt bydistrikt (区 ) og elleve fylke (县 xiàn).

Næring[endre | endre wikiteksten]

Delar av den kinesiske muren og gamlebyen er bevart. Yulin er slik eit attraktivt turistmål i det nordlege Shaanxi.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 210 går gjennom området. Riksvegen tek til i Baotou i Indre Mongolia, fører gjennom Yan'an, Xi'an, Chongqing og Guiyang og endar opp i Nanning i Guangxi.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen Yulin ligg ved Den kinesiske muren. Under Ming-dynastiet (1368-1644) organiserte regjeringa områda rundt den langstrakte kinesiske muren i ni soner. For kvar sone vart etablert ein garnison ("zhen"). Garnisonen Yansui Zhen, var ansvarleg for ein 880 km lang seksjon mellom Fugu i aust og Ningxia i vest.

Under Ming-keisarane spela Yulin ei viktig militær rolle som nordleg utpost. I 1403 hadde byen eit festningsverk, og i 1407 flytta keisaren Yansui Zhen dit. Ein ny del av Den store muren vart då bygt. Denne seksjonen av Den store muren vart også ein bit av Yulin sin bymur. Folketalet steig mykje der murgarnisonar vart lagt. Yulin utvikla seg slik til ein viktig by for samhandelen med dei mongolske stammene i nord.

Kulturminne[endre | endre wikiteksten]

Ettersom Yulin har vore ganske isolert, også under mykje av Kinas nyare historie, er ein større del av den eldre byarkitekturen bevart. Mellom dei fremste kulturelle minnesmerka er vakttårnet Zhenbeitai, bygt under Mingdynastiet, og Raudsteinjuvet med grotter med buddhistisk kunst. I byprefekturet står elles delar av Den store kinesiske muren frå heilt tilbake til Qindynastiet si tid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]