Yuncheng

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa av Yuncheng (gul) i Shanxi

Yuncheng (kinesisk: 运城; pinyin: Yùnchéng) er det sørvestlegaste byprefekturet i provinsen Shanxi i Folkerepublikken Kina. Det grensar til byprefektura Jincheng og Linfen i aust og nord, og til provinsane Shaanxi og Henan i vest og sør. Byprefekturet har eit areal på 14 106 km² og vel 5,1 millionar ibuarar i 2010.

Byprefekturet Yuncheng omfattar eitt distrikt (区 ), to byfylke (市 shì) og ti fylke (县 xiàn).

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 209 går gjennom området. Han tek til i Hohhot i Indre Mongolia, kryssar gjennom provinsane Shanxi, Henan, Hubei, Hunan og endar opp i hamnebyen Beihai i Guangxi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]