Yuxi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Yuxi si plassering i Yunnan

Yuxi (kinesisk: 玉溪; pinyin: Yùxī) er eit byprefektur sentralt i provinsen Yunnan i det sørlege Kina. Byprefekturet har eit areal på 15 285 km² og eit folketal på om lag 2,57 millionar.

Byprefekturet Yuxi omfattar eitt distrikt (区 ), fem fylke (县 xiàn) og tre autonome fylke (自治县 zìzhìxiàn).

Næring[endre | endre wikiteksten]

Kinas mest kjende tobakksprodusent, Hongta, held til i Yuxi. Tobakken er av god kvalitet då regionen har over 2 300 soltimar, tilstrekkeleg med regn om sommaren, samt framifrå jordsmonn. Det vert produsert ei mengd frukter og grønsaker.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 213 går gjennom området. Han tek til i Lanzhou i Gansu og fører via Chengdu og Kunming til byen Mohan ved grenseovergangen til Laos.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]