Yves Chauvin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Yves Chauvin (fødd 10. oktober 1930) er ein fransk kjemikar og nobelprisvinnar. Han er medlem av det franske akademiet for vitskap og æresdirektør for forsking ved Institut français du pétrole (IFP, det franske oljeinstituttet).

I 2005 blei han tildelt Nobelprisen i kjemi saman med Robert H. Grubbs og Richard R. Schrock for arbeid dei hadde gjort på 1970-talet med olefinmetatese. Chauvin har uttalt at han ikkje vil koma til overrekingsseremonien ettersom forskinga blei utført for over tretti år sidan og resultata blei oppnådde ved hjelp av vidare arbeid frå dei amerikanske kollegene hans.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]