Yves Leterme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Yves Leterme

Yves Camille Désiré Leterme (fødd 6. oktober 1960) er ein belgisk politikar og statsminister i Belgia frå 25. november 2009. Han var tidlegare statsminister frå 20. mars 2008 til 30. desember 2008.

Leterme vart fødd i Wervik i Vest-Flandern. Faren er vallonsk og mora flamsk. Han studerte jus og statsvitskap ved universiteta i Leuven og Gent. Han var politisk aktiv i ungdomspartiet til det kristendemokratiske partiet, og leia lokallaget i Ieper i 1983.

Frå 2003 til 2004 var han leiar for det kristendemokratiske partiet Christen-Democratisch en Vlaams (CD&V -Kristendemokratisk og flamsk). 20. juli 2004 vart han statsminister i Flandern, noko han var til 26. juni 2007. Ved det belgiske parlamentsvalet i juni 2007 vart CD&V det største partiet, men Leterme klarde ikkje å danna regjering, og etter ei langvarig politisk krise danna den sitjande statsministeren Guy Verhofstadt ei mellombels regjering i desember same året. Leterme var visestatsminister i den regjeringa. 20. mars 2008 danna Leterme regjering, i koalisjon med Verhofstadt sitt parti Flamske liberale og demokratar (Vlaamse Liberalen en Democraten) og dei frankofone partia Reformrørsla (Mouvement Réformateur), Sosialistpartiet (Parti Socialiste), og Demokratisk, humanistisk senter (Centre démocrate humaniste).

Etter at drøftingar om grunnlovsreformar gjekk i stå, leverte Leterme 14. juli 2008 avskjedssøknaden sin til kongen. Avskjedssøknaden vart avvist, i påvente av nye drøftingar. 19. desember 2008 leverte han igjen avskjedssøknaden til kongen etter anklagar om at regjeringa hadde blanda seg inn i ein rettsprosess. 30. desember vart han erstatta av partifellen Herman Van Rompuy. Dei same partia vart sitjande i regjering. Då Van Rompuy vart vald til EU-president i november 2009 tok Leterme over statsministerposten att.

Denne artikkelen vart starta med ei omsetjing frå nederlandsk wikipedia 10. oktober 2008.