Záhorie
Záhorie (ungarsk Erdőhát)[1][2] er ein region vest i Slovakia som grensar til Dei vesle Karpatane i aust og elva Morava i vest. Sjølv om det ikkje er ein administrativ region, er han ein av 21 offisielle turistregionar i Slovakia. Záhorie omfattar regionane Bratislava region (Malacky distrikt og Záhorská Bystrica i Bratislava), Trnava region (Senica og Skalica districts) og Trenčín region (sør i Myjava distrikt). Regionendannar òg grensa mello Slovakia, Tsjekkia og Austerrike.
Innhaldsliste |
[endre] Namn
Namne «Záhorie» tyder «Landet bak fjella» og viser til De vesle Karpatane som skil Záhorie frå resten av Slovakia.
[endre] Folkesetnad
Det bur om lag 170 000 innbyggjarar i området. Byar i regionen er Brezová pod Bradlom, Gbely, Holíč, Malacky, Senica, Skalica, Stupava og Šaštín-Stráže.
Innbyggjarane taler ein særeigen slovakisk dialekt som liknar dialekten i Mähren, og innbyggjarane vert kalla záhoráci.
[endre] Miljø og økologi
Enkelte delar av Záhorie er verna med Záhorie verna landskapsområde, det første låglandet som har denne statusen i Slovakia. Landskapsområdet dekkjer 275,22 km² og er delt inn i to fråskilde delar, ein nordaustleg og ein vestleg. Dei vesle Karpatane verna landskapsområde og Biele Karpaty verna landskapsområde ligg delvis i Záhorie.
[endre] Galleri
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Záhorie» frå Wikipedia på engelsk, den 5. april 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: