Zohar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Zóhar)
Tittelbladet av den første trykte utgåva av Zohar, Mantova 1558.

Zohar (hebraisk זֹהַר [zohar] ‘skin, stråleglans’) er eit bokverk som er vidt rekna som det mest innflytnadsrike verket i kabbalá, eller jødisk mystikk. Zohar er ein mystisk kommentar til Toráen, eller dei fem Mosebøkene, skriven på mellomalderarameisk og rabbinsk hebraisk. Verket inneheld mellom anna ein mystisk diskusjon kring Guds natur, opphavet og bygnaden åt universet, sjelenes eigenskaper, synd, frelse, det vondes problem og liknande emne.

Zohar er ikkje så mykje ei bok som ei boksamling. Dei ulike bøkene som inngår i Zohar inkluderer skriftutlegging såvel som teosofisk teologi, mytisk kosmogoni, mystisk psykologi og kva nokre vil rekne som antropologi.

Zohar er ein kommentar til Toráen, dei fem Mosebøkene. Zohar, og kabbalistisk tradisjon, baserer seg på at ein kan forstå forteljingane i Mosebøkene på fire nivå: den faktiske historia, dei underliggjande tydingane og dei allegoriske forklaringane, den religiøse lærdommen og for det fjerde Sod, det hemmelege, esoteriske nivået.

Verket er truleg skrive i Spania på slutten av 1200-talet, av Moses de León (ca. 1250–1305), men er tradisjonelt tilskrive rabbineaen Shimon bar Johai, som levde i Galilea på 200-talet.

Norske utgåver[endre | endre wikiteksten]

Referanser[endre | endre wikiteksten]

  1. Zohar[daud lenkje]; gyldendal.no
Spire Denne jødedomsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.