Zürich
| Zürich | |||
|---|---|---|---|
| Øvst: Zürich om kvelden frå Üetliberg, Midten venstre: Nasjonalmuseet, Midten høgre: Det sveitsiske teknologiinstituttet, Nedst: Utsyn over Zürich og innsjøen. | |||
|
|||
| Plassering | |||
|
|
|||
| Styresmakter | |||
| Land | |||
| Kanton | kantonen Zürich | ||
| Distrikt | Zürich | ||
| Språk | tysk | ||
| Borgarmeister | Corine Mauch | ||
| Geografi | |||
| Flatevidd - kommune |
91,88 km² |
||
| Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik |
372 047 4 049,3 /km² |
||
| Koordinatar | Koordinatar: | ||
| Høgd over havet | 408 moh | ||
| Diverse annan informasjon | |||
| Postnummer | 8000–8099 | ||
| Nettstad: www.stadt-zuerich.ch | |||
Zürich er den største byen i Sveits og har 372 047 innbyggjarar (2010) og eit areal på 92 km². Han er hovudstad i kantonen Zürich, og er det viktigaste kommersielle senteret i Sveits. Byen er eit trafikknutepunkt for vegar, jernbane og luftfart. Både Zürich lufthamn og and jernbanestasjonen er dei største og travlaste i landet.
Byen ligg i naturskjønne omgjevnader ved Zürichsjøen, og har universitet, teknisk høgskole, finanssentrum og tekstil-, maskin- og grafisk industri.
Zürich er ein leiande global by og av dei største finanssentra i verda.[1] Fleire finansinstitusjonar og store bankar ligg i byen. Mange forskings- og utviklingssenter ligg òg i Zürich og dei låge skattane trekkjer til seg mange utanlandske selskap, som har hovudkvartera sine her. I følgje undersøkingar frå 2006 til 2008 var Zürich den byen i verda med høgast levestandard, samt den mest velståande byen i Europa.[2][3][4]
Mange museum og kunstgalleri ligg i byen, som Det sveitsiske nasjonalmuseet og Kunsthaus.[5] Zürich har òg eit av dei viktigaste teatera i den tysktalande verda.[6]
Kantonen Zürich har 1,22 millionar innbyggjarar - dei fleste av dei tysktalande og protestantiske - og eit areal på 1729 km². Storbyområdet kring Zürich har nesten to millionar innbyggjarar.[7]
Historie [endre]
Zürich var opphavleg ei keltisk busetjing og hadde i romartida eit kastell som heitte Turicum. I høgmellomalderen låg det ei borg for dei tyske kongane og keisarane og i 1218 vart byen ein fri keisarby. I 1351 vart byen medlem av Det sveitsiske eidssambandet. I reformasjonstida var Zürich eit sentrum for protestantisme. Han erobra stadig nye område og vart den viktigaste bykantonen utanom Bern. Landdistrikta i kantonen Zürich var til 1798 underlagt byen utan at innbyggjarane her hadde politiske rettar. Demokratisk forfatning vart innført i 1869.
Kjelder [endre]
- Delar av denne artikkelen bygger på «Zurich» frå Wikipedia på engelsk, den 19. mars 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ World's 10 Most Powerful Cities prlog.org. Vitja 19. mars 2012
- ↑ «2007 World-wide quality of living survey». Mercer. 2007-04-02. http://www.mercer.com/referencecontent.htm?idContent=1173105. Henta 19. mars 2012.
- ↑ «Mercer's 2008 Quality of Living survey highlights». Mercer. 2008-06-10. http://www.mercer.com/qualityofliving?siteLanguage=100. Henta 19. mars 2012.
- ↑ Mercer – Quality of Living global city rankings 2009 – Mercer survey, 28 April 2009
- ↑ Museums and galleries Zürich-relocation.ch. Henta 19. mars 2012
- ↑ Zürich Culture worldtravelguide.net. Henta 19. mars 2012
- ↑ The Zürich Metropolitan Areal: a motor for Europe, Stadt-zuerich.ch. Retrieved on 2010-03-10
Bakgrunnsstoff [endre]
|
Originaltekst av Zürich ved Wikisource. |
- Stadt Zürich (tysk) offisiell side
- Byen Zürich (engelsk)
- Turisme i Zürich (offisiell)
- Zürich Info
- 24 timar i Zürich - reiseguide
Reiseguide for Zürich frå Wikivoyage