Al-Zabadani

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Zabadani)
Zabadani
الزبداني
by
Al-Zabadani
Land  Syria
Guvernement Rif Dimashq guvernement
Distrikt Zabadani-distriktet
Nahiyah Al-Zabadani
Høgd 1 100 moh.
Koordinatar 33°43′30″N 36°5′50″E / 33.72500°N 36.09722°E / 33.72500; 36.09722
Folketal 40 613
Retningsnummer 13
Kart
Al-Zabadani
33°43′29″N 36°06′01″E / 33.724722222222°N 36.100277777778°E / 33.724722222222; 36.100277777778
Wikimedia Commons: Zabadani

Zabadani (arabisk الزبداني) er ein by sørvest i Syria i Rif Dimashq guvernement, nær grensa til Libanon. Han ligg 1100 meter over havet, midt i ein grøn dal omgjeve av høge fjell.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Samanlikna med Damaskus er vêret i Zabadani generelt mindre varm om sommaren, kring 5-8 grader lågare, men frå desember til slutten av februar er han mykje kaldare og får ein del snø, og temperaturane kan falle til -10 ºC. Det milde været og den flotte naturen har gjort staden til ein populær feriestad både for syrarar, særleg frå Damaskus og titusenvis av turistar frå Den arabiske halvøya. Enno høgare oppe ligg nabobyen Bloudan på 1500 moh, som og vert vitja av mange turistar.

Zabadani er hovudsakleg busett av sunnimuslimar, men her finst òg ein god del kristne. Dei kristne har bygd sine eigne kyrkjer og kloster. Zabadani veks raskt og har gode vegsamband til Damaskus.

Den syriske borgarkrigen[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå slaget ved Zabadani.

Den 18. januar 2012 vart Zabadani den første byen som fall til Den frie syriske armeen etter eit blodig slag som varte i 11 dagar.[1]

Den 11. februar fekk den syriske hæren attende kontrollen over byen.

Byen Zabadani er særs viktig for regjeringa i Syria og for Iran, sidan byen tente som transportknutepunkt for Iranian Revolutionary Guard Corps i forsyninga av Hizballah.[2]

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fahim, Kareem (januar 21, 2012). «I syrisk City, a Calm That Few Expect to Last». New York Times. Henta 28. juni 2014. 
  2. Holliday, Joseph (mars 2012), Syria's Armed Opposition (PDF), Middle Aust Security Report 3, Institute for the Study of War, s. 25, henta 28. juni 2014 
  3. «اتفاق توءمة بين مدينة نوين كيرشين الألمانية والزبداني Twining agreement between byen Nguyen Kirchen German and Zabadani». The New Alphabet/SANA. Arkivert frå originalen 7. mars 2012. Henta 28. juni 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]