Zabajkalskij kraj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Zabajkalskij kraj
   

Zabajkalskij kraj sitt flagg
Zabajkalskij kraj sitt flagg
Zabajkalskij kraj sitt våpen
Flagg Våpen
Zabajkalskij kraj på kartet over Russland
Hovudstad Tsjita
Areal

- Totalt
- % vatn

Rangering: 12.

431 500 km²
0,3

Innbyggjartal

- totalt
- folketettleik

Rangering: 47.

ca. 1 107 000[1] (2010)
ca. 2,57/km²

Føderalt distrikt Sibir
Økonomisk region Aust-Sibir
Regionsnummer 75
Offisielt språk Russisk
Guvernør Aleksandr Osipov
Nasjonalsong  
Tidssone UTC +0900

Zabajkalskij kraj, (russisk Забайкальский край) er eit territorium (kraj) i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Territoriet vart danna den 1. mars 2008Tsjita oblast vart slått saman med det sjølvstyrte området Aga Burjatia. Hovudstaden er Tsjita, arealet er 431 500 km² og innbyggjartalet er 1 107 000 (2010). Namnet Zabajkalskij kan omsetjast som Bak Bajkal.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Zabajkalskij kraj ligg sør i Sibir, og grensar til Mongolia og Kina i sør. Området består hovudsakleg av mellom-høge fjell, (600-700 meter over havet), men fjellkjeda Kodar i nord når opp til 3000 meter over havet. Om lag halvparten av territoriet er skogkledd, og her er mange innsjøar. Klimaet er kontinentalt, mellomtemperaturen i januar er - 30 grader celsius, i juli + 20 grader celsius. Område i nord har permafrost. Naturressursane omfattar førekomstar av gull, molybden, tinn, bly, sink og kol. Matproduksjon i området er hovudsakleg saueal. I liten skala vert det dyrka poteter, grønsaker, kveite, havre, bygg og bokkveite. Den transsibirske jernbanen går gjennom området.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Den einaste større byen er Tsjita (324 400 ibuarar).[1]

Befolkninga er hovudsakleg russarar, men her bur òg mellom anna mange burjatar, særskilt i Aga Burjatia. Ved folketeljinga i 2010 var den etniske samansetjinga:[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den første befolkninga ein kjenner i området var burjatar og mongolar. På 1200-talet vart det del av det mongolske riket. Dei første russarane som kom hit var kosakkar i 1653. Allereie i løpet av 1600-talet oppstod dei første permanente russiske støttepunkta. I 1689 vart grensa til Kina regulert ved Nertsjinsk-traktaten. Etter den russiske revolusjonen var Tsjita i hendene på kontrarevolusjonære styrkar, kvitegardistar, mellom 1918 og 1920. Frå 1920 til 1922 var Tsjita hovudstad for den sovjetisk-kontrollerte Fjernaustlege republikken, som i 1922 vart slått saman med den russiske sovjetrepublikken. Tsjita oblast vart oppretta i 1937. Det autonome distriktet Aga Burjatia var underlagt Tsjita oblast. Etter oppløysinga av Sovjetunionen vart både Tsjita oblast og Aga Burjatia eigne føderasjonssubjekt i den russiske føderasjonen. Ved valet til den lovgjevande forsamlinga i Tsjita oblast den 17. oktober 2004, vart Sameint Russland det klart største partiet, med 35,6 % av røystene. Den 1. mars 2008 vart Tsjita oblast slått saman med Aga Burjatia, etter ei folkerøysting.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Zabajkalskij kraj