Zabrze

Koordinatar: 50°18′0″N 18°47′0″E / 50.30000°N 18.78333°E / 50.30000; 18.78333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zabrze
Wolnościgata
Wolnościgata
Wolnościgata
Flagget til Zabrze Byvåpenet til Zabrze
Flagget til Zabrze Byvåpenet til Zabrze


Plassering
Zabrze is located in Polen
Styresmakter
Land
Voivodskap
Polen
Schlesiske voivodskap
Grunnlagd
Byrettar
1200-talet
1922
Borgarmeister Małgorzata Mańka-Szulik
Geografi
Flatevidd
 - By

80,47 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik

190 610
  2369/km²
Koordinatar 50°18′0″N 18°47′0″E / 50.30000°N 18.78333°E / 50.30000; 18.78333
Diverse annan informasjon
Postnummer 41-800 til 41-820
Telefon-retningsnummer +48 32
Bilnummer SZ
Nettstad: www.zabrze.pl


Zabrze (tysk Zabrze, 1915-1945 Hindenburg) er ein by sør i Polen med om lag 190 000 innbyggjarar. Zabrze er ein del av Øvre Schlesien storbyområde, det største offisielle storbyområdet i Polen med nesten 3,5 millionar innbyggjarar. Byen er ein del av Schlesiske voivodskap (sidan 1999) og tidlegare Katowice voivodskap (1975-1998).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Zabrze vart først nemnd som ein landsby på 1200-talet. Frå seinmellomalderen inviterte dei lokale schlesiske Piast-hertugane tyske nybyggjarar til området, noko som førte til ei germanisering av området. Zabrze gjekk i arv til Habsburgmonarkiet i Austerrike i 1526 og vart annektert av Kongedømet Preussen under dei schlesiske krigane1700-talet. Zabrze vart ein viktig by for gruvedrift i Det tyske keisardømet då det vart oppretta i 1871. Staden fekk byrettar i 1922.

Det offisielle namnet til Zabrze vart Hindenburg i 1915 til ære for Generalfeldmarschall Paul von Hindenburg. Dette namnet vart nytta fram til 19. mai 1945. Etter den andre verdskrigen vart byen ein del av Polen igjen og dei gjenverande tyske innbyggjarane vart drive bort som følgje av Potsdamerkonferansen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Zabrze