Zadar

Koordinatar: 44°06′51″N 15°13′40″E / 44.11417°N 15.22778°E / 44.11417; 15.22778
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zadar
Styresmakter
Land
Fylke
Kroatia
Zadar
Geografi
Flatevidd 192,4, 51,3 km²
Flatevidd
 - By

194 km²
Innbyggjarar(1)
 - By (2006)

81 688
Koordinatar 44°06′51″N 15°13′40″E / 44.11417°N 15.22778°E / 44.11417; 15.22778
Høgd over havet 0 m
Diverse anna
Heimeside: www.grad-zadar.hr

Zadar (italiensk Zara, latin Iader eller Iadera) er ein by i Kroatia ved Adriahavet. Han har eit folketal på like over 80 000 innbyggjarar (2005). 93 % av innbyggjarane er etniske kroatar.

Byen er det administrative senteret i Zadar fylke, og den viktigaste byen i den nordlege delen av Dalmatia. Mellom Zadar og øyane Ugljan og Pašman ligg Zadarsundet.

Høgda som den gamle byen ligg på var tidlegare åtskild frå fastlandet av ei djup vollgrav, som seinare har vorte ein fyllplass. Hamna, nordaust for byen, er trygg og vid.

Zadar er sete for både ein katolsk og ortodoks biskop.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Zadar har vore busett i 3000 år. Den første nedteikninga om byen er frå 300-talet fvt., medan ein har funne spor av busetnadar her tilbake til 800-talet fvt.. Dei første busetjarane her var stamma Libur. Busetnaden fekk bystatus då han vart erobra av romarane. På starten av 600-talet vart Zadar hovudstad i Dalmatia, noko byen var fram til 1918.

Det har i mellom denne perioden vore mange herskarar i byen. Frå 600-talet var det kroatar og ungararar som styrte byen. Frå 1409 kom byen inn under Republikken Venezia, som styrte byen fram til 1797. Etter dette kom området inn under det første austerriksk styre fram til 1814. Frankrike tok over området fram til 1818, før Italia styrte området fram til slutten av den første verdskrigen.

Etter avtalen frå 1920 i Rapallo vart byen verande italiensk. Etter kraftige bombardement under den andre verdskrigen vart byen ein del av Republikken Kroatia i Jugoslavia, og då Jugoslavia braut saman i 1991, vart byen kroatisk.