Sakkeus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Zakæus)
Zakæus av Niels Larsen Stevns.

Sakkeus er ein person frå Nytestamentet, nemnd i kapittel 19 av Lukasevangeliet. Her blir det fortald at han var ein rik overtollar og skatteoppkrevjar (publicanus) i Jeriko.

Soger om Sakkeus[endre | endre wikiteksten]

Jesus vitja Jeriko, klatra den kortvaksne Sakkeus opp i eit morbærtre for å sjå han. Då Jesus kom til treet der Sakkeus sat, bad han han om å koma ned. Trass i at tollaren var rekna som ein syndig overløpar til romarane vitja Jesus heimen hans. Sakkeus stod fram og sa at han gav store gåver til fattige, og Jesus erklærte han også som eit av Abrahams barn. Eit stort, firkanta tårn i Jeriko er i dag kjend som huset åt Sakkeus.

Ifølge Clement av Alexandria si Stromata fekk Sakkeus namnet Matthias av apostlane og tok plassen etter Judas Iskariot etter Kristi himmelfart. Han skal ha følgd apostelen Peter, og blitt utnemnd til biskop av Cæsarea i Palestina. I Salomon av Bosra si «Boka om Bia» blir det fortald at Sakkeus blei drepen i Hauran.

I austkyrkja er Sakkeus rekna som ein av dei tidlege apostlane, og har festdag den 20. april. I katolsk tradisjon har han minnedag den 23. august.

Seinare tradisjonar[endre | endre wikiteksten]

Mellomaldersoger identifiserte Sakkeus som St. Amadour og hevda han var grunnleggjaren av klosteret Rocamadour.

I norsk folketradisjon var Zakæus sin dag 23. august den siste av hundedagane. Nokre stader heitte det av regn denne dagen ville fortsetja i fire veker.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]