Zakaria Paliasjvili

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Zakaria Paliasjvili

Zakaria Paliasjvili (georgisk: ზაქარია ფალიაშვილი; russisk: Захарий Петрович Палиашвили, Zacharij Petrovitsj Paliasjvili); (16. august 18716. oktober 1933) var ein georgisk komponist som knytte saman klassisk europeisk musikk med georgisk folkemusikk.

Han skreiv musikken til Georgia sin nasjonalsong, Tavisupleba, som landet har hatt sidan 2004.

Paliasjvili publiserte eigne komposisijonar frå 1905; nokon eksempel er Akhal aghnago sulo, Lullaby, Mravaljamieri og Georgische Liturgien. Hovudverka er operaene Abesalom og Eteri (1919), Daisi (1923, betyr «skumring», ) og Latavra (1928) som alle blei uroppført i Tbilisi. I 1927 skreiv han ei seremoniell kantate til tiårsdagen for Oktoberrevolusjonen. Ellers skreiv han Georgisk suite, romansar og korverk.

Han samla og spelte inn 300 georgiske folketonar.

Motiv frå Abesalom og Eteri og Daisi dannar grunnlaget for nasjonalsongen til Georgia. Det Statlege teateret for opera og ballett i Tblisi har fått namn etter Paliasjvili og den georgiske to-lari setelen har eit portrett av han.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • L. Zambaxije: Zak’aria P’aliasvili. Ganatleba, Tbilisi 1966
  • Vladimir Grigorevich Donadze: Zakharii Paliashvili. Muzyka, Moskva 1971
  • W. Tschintschaladse (red.): Museumsführer durch die Ausstellung "S. Paliaschwilis Leben und Schaffen". Dom-Muzej Zacharija Paliasvili, Tbilisi 1969
  • Stanley Sadie: The New Grove dictionary of music and musicians. Vol. 19 Paliashvili to Pohle, 2.ed, Macmillan, London 2001, ISBN 0-333-60800-3, ISBN 1-56159-239-0

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Z. P. Paliasvili: Absalom da Et’eri. opera 4 mok’medebad. Libreto P. Mirianasvilisa. [Klavierausz.], Saxelmcip'o Gamomc'emloba Sabcot'a Sak'art'velo, Tbilisi 1961
  • Zakhary Paliashvili: Daisi. Opera v trekh de’istvi’i’akh. Libretto V. Guniia. Russkii tekst e. Aleksandrovoi Redaktsiia Vakhtanga Paliashvili. Partitura, 1960

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]