Zalaegerszeg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zalaegerszeg
Flagget til Zalaegerszeg Byvåpenet til Zalaegerszeg
Flagget til Zalaegerszeg Byvåpenet til Zalaegerszeg


Plassering
Zalaegerszeg is located in Ungarn
Styresmakter
Land
Region
Megye
Ungarn Ungarn
Vest-Transdanubia
Zala
Først nemnd i 1247
Geografi
Flatevidd
 - By

99,98 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik

62 158
  622/km²
Koordinatar 46°50′00″N 16°51′00″EKoordinatar: 46°50′00″N 16°51′00″E
Høgd over havet 4 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 8900
Telefon-retningsnummer 92
Heimeside: www.zalaegerszeg.hu

Zalaegerszeg (kroatisk Jagarsek) er ein by vest i Ungarn, og hovudstad i fylket Zala. Byen ligg på begge sider av elva Zala, nær grensa til Slovenia og Austerrike. Med bil er avstanden til Budapest om lag 213 km.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området har vore busett sidan steinalderen og seint i perioden vart det busett av keltarar.

Sjølve byen vart først nemnd i 1247 som Egerscug og i 1293 som Egerszeg. (szeg tyder «vinkel» på ungarsk og viser truleg til at byen vart bygd der to elvar møtes). Kong Béla IV donerte han til bispedømet Veszprém i 1266, og Egerszeg vart dermed ein eigedom av kyrkja. Sidan Egerszeg låg noko langt borte frå Veszprém, enda skattane byen betalte ofte i lommene på lokale oligarkar som Kőszegi-familien.

På 1300-talet var Egerszeg den største byen i området. Mellom 1368 og 1389 var han ei kort stund ein kongeleg by før Sigismund I donerte han til Kanizsai-familien, som byta han for ein annan by med biskopen av Veszprém. Zalaegerszeg vart verande hos biskopen til 1848.

Byen blømde, men i 1530-åra stoppa utviklinga. Makta til kongen hadde vorte svekka og eigarane av dei omliggande områda utnytta dette ved å ofte gå til åtak på byen. Samstundes hadde Det osmanske riket allereie byrja å okkupere delar av Ungarn etter slaget ved Mohács i 1526. Frå 1568 vart det bygd festningsverk i byen, mellom anna ei borg. Osmanarane gjekk til åtak på byen først gong seint på 1570-talet, men klarte ikkje å erobre han.

Etter at Kanizsa kom under osmanarane vart Egerszeg strategisk viktigare, men borga vart hardt skada i 1616 og erobra av osmanarane ei kort stund i 1664. Innbyggjarane leid ikkje berre av krigen, men òg frå pest og høge skattar. Egerszeg vart hovudstad i fylket på 1700-talet. Rådhuset vart bygd mellom 1730 og 1732 i barokk stil.

Fram til tidleg på 1800-talet var det berre eit par handverkarar og handelsmenn i byen, fordi dei måtte betale skatt til biskopen som eigde byen.

Zalaegerszeg spelte berre ei mindre rolle i revolusjonen og sjølvstendekrige i 1848-49. I 1870 mista han bystatusen og vart ein landsby. I 1885 fekk han derimot bystatusen itlbake og i 1887 vart landsbyen Ola ein del av byen. I 1890 vart byen forbunde til jernbanelinja mellom Ukk og Csáktornya (kroatisk: Čakovec) og i 1895 vart fleire nye bygg bygd, mellom anna ein ny skule, eit rådhus, eit hotell og ein fabrikk, men byen fekk høg gjeld og borgarmeisteren Károly Kovács måtte gå av. Etterfølgjaren minka gjelda og kunne halde fram utviklinga av byen, men Zalaegerszeg var tidleg på 1900-talet framleis bak dei andre fylkeshovudstadane i landet.

I 1920-åra byrja byen å bløme att og fleire bygningar vart ført opp, som ny jernbanestasjon og nytt postkontor. Under den andre verdskrigen var det største tapet deporteringa av 1 221 jødar til Auschwitz. Byen vart frigjort nazistane av Den raude arméen 28. mars 1945.

I 1950-åra vart Zalaegerszeg industrialisert og det vart bygd ein tekstilfabrikk og oppdaga olje i nærleiken. I 1960- og 1970-åra eksploderte folketalet. Mange nye bustadar vart bygd og folk flytta hit frå dei omliggande landsbyane. Etter sosialismen vart ikkje Zalaegerszeg like hardt råka økonomisk som mange av dei andre ungarske byane og 1990-åra førte til dynamisk utvikling av byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]