Zambia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Republic of Zambia

(norsk: Zambia, zambisk)

Det zambiske flagget
Flagg
Nasjonalsong «Stand and Sing of Zambia, Proud and Free»
Motto One Zambia, One Nation
(Eitt Zambia, ein nasjon)
Geografisk plassering av Zambia
Offisielle språk Engelsk
Hovudstad Lusaka
Styresett
Republikk
Michael Sata
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
752 618 km² (38.)
1,6 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Folketeljing (1990)
 – Tettleik
 
14 309 466 (69.)
7 383 000
19 /km² (163.)
Sjølvstende
frå Storbritannia
24. oktober 1964
Nasjonaldag 24. oktober
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
20 030 mill. USD (123.)
1 500 USD (172.)
Valuta Zambisk kwacha (ZMK)
Tidssone UTC +2
Telefonkode +260
Toppnivådomene .zm


Republikken Zambia er eit land i det sørlege Afrika. Landet grensar til Angola og Namibia i vest, Kongo og Tanzania i nord, Malawi og Mosambik i aust og til Zimbabwe i sør.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå zambisk geografi.
Kart over Zambia

Klima[endre | endre wikiteksten]

Store delar av Zambia ligg i ei høgd mellom 900 og 1500 m over havet, og berre i Zambesidalen mot grensa av Zimbabwe har ein lågland. I låglandet har ein typisk tropisk klima der temperaturane held seg høge året rundt og med regntid frå desember til mars. Klimaet er trykkande og har eit dårleg rykte på seg på grunn av at sjukdommar som malaria og sovesjuke er utbreidd i dette området.

Dei høgareliggande områda har derimot eit meir behagleg klima og lågare temperaturar. I perioden november til februar kan derimot både temperaturen og fukta bli så pass høg at ein kan få ubehaglege forhold. Over 1500 m er det ikkje uvanleg med frost i perioden frå april til august, og det kan òg vere kjølig på dagtid om det er skya vêr. Mykje av regnet som kjem i samband med den intertropiske konvergenssona kjem i form av kraftige torebyger, men ein kan òg ha regnvêr som varer to til tre dagar.

Ndola ligg i den våtare delen av landet og har ein normal årsnedbør på 1295 mm. Lusaka som ligg lenger sør har tørrare forhold og har 836 mm i året.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Provinsar[endre | endre wikiteksten]

Zambia er delt inn i 9 provinsar (hovudstad står i parantes):

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.



Denne spireartikkelen kan utvidast ved hjelp av den utfyllande artikkelen «Zambia» på Wikipedia på bokmål/riksmål.