Zamora i Spania

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Zamora
Catedral zamora.JPG
Flagget til Zamora Byvåpenet til Zamora
Flagget til Zamora Byvåpenet til Zamora


Plassering
Zamora i Spania is located in
Styresmakter
Land Flag of Spain.svg Spania
Autonom region Castilla y León
Provins Zamora
Grunnlagd 852
Borgarmeister Rosa María Valdeón Santiago
Geografi
Flatevidd
 - By

149,28 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2013)
   - folketettleik

64 986
  435,3 /km²
Koordinatar 41°30′″N 5°45′″WKoordinatar: 41°30′″N 5°45′″W
Høgd over havet 652 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 49001 - 49028
Telefon-retningsnummer 980
Nettstad: www.ayto-zamora.org

Zamora er ein by i Castilla y León i Spania og provinshovudstaden i provinsen Zamora. Han ligg ein ås nordvest i landet, nær grensa til Portugal og elva Duero renn gjennom byen. Det ligg 24 romanske kyrkjer frå 1100- og 1200-talet i byen. Ingen fleire byar i Europa har fleire romanske kyrkjer enn Zamora.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Etter den romerske sigeren over helten Viriathus vart busetnaden av romarane kalla Occelum Durii eller Ocellodurum. Under romarriket var han busett av vacceos og vart innlemma i den romerske provinsen Hispania Tarraconensis. Byen låg langs vegen frå Emerita (dagens Mérida) til Asturica Augusta (dagens Astorga).

To myntar frå regjeringstida til den vestgotiske kongen Sisebuto viser at byen på denne tida vart kalla Semure. I perioden under maurarane vart byen kalla Semurah eller Azemur. Etter at det kristne kongedømet Asturias vart oppretta, vart busetnaden ein strategisk grenseby og åstad for mange kamphandlingar mellom muslimar og kristne. Begge sider hadde kontroll over byen fleire gonger frå tidleg på 700-talet til seint på 1000-talet. I denne tida vart det bygd kraftige festningsverk i byen.

Den mest kjende episoden i historia til Zamora var drapet av kong Sancho II av Castilla utanfor bymurane i 1072. Nokre ti år tidlegare hadde kong Ferdinand I av León delt kongedøma sine mellom dei tre sønene sine. Til dottera si, Doña Urraca, fekk Zamor. Dei tre sønene gjekk til krig mot kvarandre og vinnare vart Sancho. Zamora under systera, som var alliert med den leonesiske adelen, gjorde motstand. Sancho II av Castilla, med støtte frå El Cid, la omleiring på Zamora. Kong Sancho II vart myrda av adelsmannen Bellido Dolfos, som lurte kongen til eit privat møte. Etter Sancho døydde kom Castilla tilbake til broren Alfonso VI av León. Zamora var òg åstad for intense kampar på 1400-talet under ein konflikt mellom støttespelarane til Isabella I av Castilla og Juana la Beltraneja. Det spanske ordtaket No se ganó Zamora en una hora, som tyder Zamora vart ikkje vunne på ein time, viser til desse kampane.

På 1100-talet vart byen særs strategisk i krigane mellom Kongedømet León og arabarane under kampen om Den iberiske halvøya. Etter kvart vart byen mindre viktig og mange flytta frå byen, særleg til Sør-Amerika.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Zamora i Spania

Kjelder[endre | endre wikiteksten]