Zaozhuang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa av Zaozhuang (gul) i Shandong

Zaozhuang (kinesisk: 枣庄; pinyin: Zǎozhuāng) er eit byprefektur i provinsen Shandong i Kina, nær ved Gulehavet. Byprefekturet har eit areal på 4 550 km² og hadde vel 3,7 millionar ibuarar i 2010.

Byprefekturet Zaozhuang omfattar fem distrikt (区 ) og eitt byfylke (市 shì).

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

I prefekturet finst store førekomstar av kol, og gruveindustrien er ei hovudnæring.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Snøggtoget Beijing-Shanghai har stoppestad i Zaozhuang. Zaozhuang ligg også på jarnbanelinja JingHu, også denne trafikkerer strekninga Beijing-Shanghai.

Kinas riksveg 206 går gjennom området. Han strekker seg frå kystbyen Yantai i nord til kystbyen Shantou i provinsen Guangdong i sør. Vegen passerer gjennom provinsane Shandong, Jiangsu, Anhui, Jiangxi og til sist Guangdong.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]