Zaporizjzjia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 47°50′0″N 35°10′0″E
Zaporizjzjia
ukrainsk Запоріжжя, russisk Запорожье, Zaporozjie
by
none  Ei bru over Dnepr i Zaporizjzjia
Ei bru over Dnepr i Zaporizjzjia
flagg
våpen
Land Flag of Ukraine.svg Ukraina
Oblast Zaporizjzjia oblast
Kommune Zaporizjzjia bykommune
koordinatar 47°50′0″N 35°10′0″E
Areal 334 km²
Folketal 775 678 (2011)
 - Folketeljing 2001 775 678
Tettleik 2 322 / km²
Grunnlagd 1770
 - grunnlagd 2 1806
borgarmeister Oleksandr Sin
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 69xxx
Retningsnummer +380 61(2)
Ukraine location map.svg
Locator Red.svg
Nettstad: http://www.meria.zp.ua/

Zaporizjzja (ukrainsk Запоріжжя, russisk Запорожье, Zaporozje eller Saporosje) er ein by sør i det sentrale Ukraina ved breidda av elva Dnepr. Han er det administrative senteret i Zaporizjzja oblast og rajon. Sjølve byen er direkte underlagt oblastet og ligg om lag 70 km sør for byen Dnipropetrovsk.

Zaporizjzja vart tidlegare kalla Aleksandrovsk (russisk Александровск) etter kommandanten av den første russiske hæren, prins Aleksandr Golitsyn, men vart i 1921 kalla Zaporizjzja (som tyder «etter stryka» og som viser til stryka i Dnepr nær øya Khortytsia). Han er i dag den sjette største byen i Ukraina med kring 780 000 innbyggjarar (2011).

Zaporizjzja er det viktigaste industrisenteret i Ukraina. Her ligg vasskraftverket DnieproGES, ZAZ, den største bilfabrikken i landet, og Motor-Sich designbyrå og produksjonsselskap som lagar flymotorar.

Byen var i stor grad ein «ingeniørby» under Sovjetunionen med all forureining dette førte med seg. Etter at Ukraina fekk sjølvstende og ein har flytta seg meir mot marknadsøkonomi har dette betra seg. Luftkvaliteten har betra seg, men Zaporizjzja vert likevel ikkje rekna som ein særskild attraktiv by.

Geografi og klima[endre | endre wikiteksten]

Aleksandrovsk låg på venstrebreidda av Dnepr, medan byen i dag ligg på begge breidder av elva. Byen dekkjer eit areal på 334 km2, 50 meter over havet.[1]

I midten av byen ligg øya Khortytsia (12 km x 2 km), som delar øya i to delar kalla Nye og Gamle Dnepr.

Klimadata for Zaporizjzjia
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Varmerekord °C 12.2 16.2 23.4 31.4 35.9 36.5 39.0 40.2 35.0 35.0 20.9 15.0 40,2
Normal maks. temp. °C −0.4 0.4 6.4 15.3 21.9 25.7 28.3 27.9 21.8 14.3 5.9 0.8 14,03
Døgnmiddeltemp. °C −3.1 −2.9 2.2 9.9 16.2 20.1 22.5 21.8 16.1 9.4 2.5 −1.8 9,41
Normal min. temp. °C −5.7 −5.9 −1.5 4.9 10.5 14.6 16.7 15.7 10.9 5.2 −0.2 −4.3 5,08
Kulderekord °C −29.3 −26.1 −25.0 −8.2 −2.0 5.0 8.9 3.9 −3.0 −8.9 −18.6 −26.2 -29,3
Nedbør (mm) 42 35 36 36 43 62 46 39 36 35 44 44
Kjelde: КЛИМАТ ЗАПОРОЖЬЯ (på russisk)[2]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Zaporizjzjia

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]