Zapotekar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Området til zapotekane

Zapotekane eller zapotek var ein mesoamerikansk høgkulturfolk som levde i Oaxacadalen i dagens Mexico frå om lag 500 f.Kr. Dei etterlet seg arkeologiske funn ved den gamle byen Monte Albán i form av bygningen, ballsportbanar, store graver og skattar, mellom anna gullsmykker. Monte Albán var ein av dei første store byane i Mesoamerika og senteret for zapotekane som dominerte det meste av det me i dag kjenner som staten Oaxaca. Funn av glyffinnskrifter viser at zapotekkulturen hadde kommunikasjon med samtidige siviliasjonar, mellom anna maya.

Frå år 700 vart zapotekane gradvis pressa sørover av mixtekane. Zapotekane bygde då opp Mitla, som ligg 40 km lenger søraust. Mitla er særleg kjend for mosaikkfriser. Tidleg på 1500-talet la kong Motecuzoma II av aztekane under seg området til zapotekane. Zapotekane held framleis til i Mitla og er elles spreidd rundt Oaxaca-området.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]