Zappa in New York

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Zappa in New York
Konsertalbum av Frank Zappa
Utgjeve 3. mars 1978
Innspelt 26.-29. desember 1976
Palladium i New York City
Sjanger Jazzfusion, komedierock, hardrock, progressiv rock
Selskap DiscReet
Produsent Frank Zappa
Frank Zappa-kronologi
Zoot Allures
(1976)
Zappa in New York Studio Tan
(1978)
Platemeldingar
Meldingar
Kjelde Karakter
Allmusic 4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg [1]

Zappa in New York er eit dobbelt konsertalbum av Frank Zappa. Det vart innspelt i løpet av fleire konsertar i Palladium i New York City i desember 1976.

Zappa in New York vart berre gjeve ut i Storbritannia på Zappa sitt DiscReet Records i 1977, så raskt trekt attende. Ein andre versjon vart gjeven ut i mars 1978 med somme endringar av distributøren til DiscReet, Warner Bros. Records. 1978-utgåva nådde 57. plass på Billboard 200.

Musikk og tekst[endre | endre wikiteksten]

Like etter konsertane i 1976 brukte Zappa tid i studio for å legge på ekstra spor på konsertopptaka. Fleire av desse innspeligane var opphavleg meint for det skringlagte albumet Läther, inkludert «The Illinois Enema Bandit» «The Black Page #1», «Big Leg Emma», «Punky's Whips», «The Purple Lagoon» og «I Promise Not To Come In Your Mouth.»

Albumet er kjend for at fleire medlemmar i Saturday Night Live-bandet, inkludert Lou Marini og Tom Malone, i tillegg til Brecker Brothers, spelte på albumet. I tillegg vart Don Pardo invitert til Palladium-konsertane og snakkar i innleiinga til «Punky's Whips» og «The Illinois Enema Bandit». På CD-versjonen leverer Pardo òg eit vers på «I'm the Slime» (han gjorde det same for Zappa i 1976 på Saturday Night Live).

Teksten på «Punky's Whips» var meint som ein intern spøk om trommeslagaren Terry Bozzio og hans ulukkelege kjærleik til Punky Meadows, sologitaristen i bandet Angel. «Titties and Beer» har Bozzio i rolla som Djevelen, som Zappa prøver å forhandle med for å få tak i tinga som er nemnt i tittelen. Songen refererer til «Milhous Nixon» og «Agnew» som visstnok har fått sjelene sine teken av Djevelen. Dette er ei klår tolking av Histoire du soldat av Igor Stravinsky, ein av favoritttkomponostiane til Zappa.

Favorittgruppa til jenta i «Honey Don't You Want a Man Like Me?» er sagt å vere Helen Reddy. På konsertar i 1980-åra endra Zappa namnet til Twisted Sister eller Echo & the Bunnymen. Teksten på «The Illinois Enema Bandit» er basert på lovbrota til Michael H. Kenyon.

I tillegg til dei spøkefulle tekstane, presenterte Zappa komplekse instrumentale passasjar som pressa bandet heilt til grensa for kva dei kunne klare å spele. Blant dei mest kompliserte delane er instrumentalane «The Black Page» og «Manx Needs Women». Denne tittelen referer til science fiction B-filmen Mars Needs Women frå 1967. «The Purple Lagoon» er ein lengre instrumental som tar opp ei heil vinylside. Han har eit komplisert opningstema (basert på ein av dei tidlegare komposisjonane til Zappa, «Approximate») og jazzaktige soloar frå Brecker Brothers, bassist Patrick O'Hearn og saksofonisten Ronnie Cuber.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Zappa in New York vart først gjeven ut tidleg i 1977 med den originale sporlista til Zappa. Nokre få LPar kom ut i butikkane i England, før albumet raskt vart trekt attende. I 1978 vart somme originale kassettar òg gjevne ut i USA, visstnok ved ein feil. Før albumet kom ut, fjerna Warner ein av dei lengste songane, «Punky's Whips». Dette reduserte speletida på eine sida til berre ti minuttar. Warner flytta òg om på restane av songane og korta ned «Titties & Beer». Dette var eit brot med kontrakten til Zappa, som gav han totalt kunstnarisk kontroll over innhaldet på albumet.

Då distribusjonsavtalen med Warner enda i 1982, vart alle rettane gjeve attende til han. Zappa gav ut Zappa in New York som ein dobbel-CD i 1991 med fire bonusspor i tillegg. CD-utgåva vart remiksa med gitar som art spelt inn på tida då albumet kom ut, men som ikkje kom ut på den originale vinylutgåva, og inneheldt ei anna innspeling av «Punky's Whips» og heile «Titties & Beer».

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Titties & Beer»   5:39
2. «I Promise Not to Come in Your Mouth»   2:50
3. «Punky's Whips»   10:51
Side to
# Tittel Lengd
1. «Sofa»   3:15
2. «Manx Needs Women»   1:40
3. «The Black Page Drum Solo/Black Page #1»   4:06
4. «Big Leg Emma»   2:17
5. «Black Page #2»   10:31
Side tre
# Tittel Lengd
1. «Honey, Don't You Want a Man Like Me?»   4:15
2. «The Illinois Enema Bandit»   12:31
Side fire
# Tittel Lengd
1. «The Purple Lagoon»   16:57

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Musikarar[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Frank Zappa – produsent
  • Bob Liftin – lydteknikar
  • Davey Moire – konsertmiks, studiolydteknikar
  • Rick Smith – studiolydteknikar
  • John Williams – design
  • Dweezil Zappa – bilete på framsida
  • Gail Zappa – andre foto

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album – Billboard (Nord-Amerika)

År Liste Plassering
1978 Pop Albums 57[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]