Zar'it

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zar'it
moshav
Land  Israel
Region Øvre Galilea
Distrikt Nord distrikt
Kommune Ma'ale Yosef
Koordinatar 33°5′59.96″N 35°17′18.74″E / 33.0999889°N 35.2885389°E / 33.0999889; 35.2885389
Folketal 250  (2007)
Grunnlagd 1967
 - Grunnlagd av Moshavinnbyggjarar i Galilea
Kart
Zar'it
33°06′00″N 35°17′19″E / 33.099988888889°N 35.288538888889°E / 33.099988888889; 35.288538888889
Wikimedia Commons: Zar'it

Zar'it (hebraisk זַרְעִית) er ein moshav nord i Israel. Han ligg i Øvre Galilea nær den libanesiske grensa og høyrer til Ma'ale Yosef regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 250.

Moshaven vart grunnlagd i 1967 av moshavinnbyggjarar frå Galilea som ein del av Operasjon Sof Sof, for å forsterke det jødiske nærværet i Galilea. Han vart først kalla Kfar Rosenwald (Rosenwaldlandsbyen) etter amerikanske filantropen William Rosenwald. Men innbyggjarane likte ikkje det utanlandske namnet, så som eit kompromiss, valde Yehuda Ziv, leiaren for samfunnet eit akronym, Zar'it (Zekher Rosenwald Imanu Yisha'er Tamid, som tyder. Minnet til Rosenwald vil alltid vere med oss).[1]

Landsbyen var åstad for eit Hizbollah-åtak som utløyste Libanonkrigen i 2006, oog vart sidan råka av fleire rakettåtak.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]