Zara Larsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Zara Larsson i tv-programmet Sommarkrysset i Gröna Lund.

Zara Larsson (fødd 16. desember 1997) er ein svensk barneartist busett utanfor Stockholm

Larsson har lært å synga og dansa ved hjelp av læraren Johan Jämtberg og studiar ved Adolf Fredriks Musikklasser og Kungliga Svenska Balettskolan i Stockholm.

Ho har opptrådd som Marta von Trapp i musikalen Sound of Music. Ho har opptredd som medlem av gruppene Helges All Stars, Next Generation og vore gjesteartist på Popkorn 2008-turnéen.

Zara Larsson slo gjennom i talentkonkurransen Talang 2008 på svensk TV4 (tilsvarer Norske Talenter) i 2008 der ho vann finalen med songen «My Heart Will Go On». Ho hadde tidlegare vore med i ein tilsvarande konkurranse, Star Shots i 2007, der ho blei ein av finalistane. Ho blei sidan med i dokumentarserien Jag ska bli en stjärna (2009/2010) på TV4 om barn som drøymer om å bli berømte. I 2013 slo hun gjennom med sangen "Uncover".

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Söderlund, Peter (24 maj 2008), «Stjärnskottet Zara Larsson finslipar i Gävle», Arbetarbladet 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Zara Larsson