Zarathustra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bilete av Zarathustra frå omlag 200-talet.

Zarathustra (avestisk Zaraθuštra), grunnleggjaren av parsismen, var ein persisk profet som truleg verka på 1000-talet f.Kr. Han er også kjend under det greske namnet Zoroastres (Ζωροάστρης) og Zoroaster.

Namnet hans er kjend i Vesten gjennom verket Also sprach Zarathustra av Friedrich Nietzsche og orkesterstykket med same namn av Richard Strauss.

Lite er kjend om livet til Zarathustra, men han er skildra i ein del heilage songar (gatha) som truleg er skrivne av han sjølv. Her går det fram at han tilhøyrer presteklassen (zaotar).

Ahura Mazda, den største guddommen, skal ha openberra seg til Zarathustra då han var tretti. Han blei forfølgd av tilhengjarar av den tradisjonelle offerreligionen etter at han byrja forkynna, men fann tryggleik og tilhengjarar hjå høvdingen Vishtaspa. Religionen voks, og han blei æra som ein ekte profet. På 200-talet blei parsismen statsreligion i Persia under sasanidane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Zarathustra

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Zarathustra (15. februar 2009), Store norske leksikon. Henta 28. desember 2013.
Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.