Zaria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Zaria
Senatsbygningen til Ahmadu Bello universitet i Zaria, det nest største universitet i Afrika
Senatsbygningen til Ahmadu Bello universitet i Zaria, det nest største universitet i Afrika
Plassering
Zaria is located in Nigeria
Styresmakter
Land Flag of Nigeria.svg Nigeria
Delstat Kaduna
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)

1 018 827
Koordinatar 11°04′0″N 7°42′0″EKoordinatar: 11°04′0″N 7°42′0″E
Tidssone WAT (UTC+1)
Diverse annan informasjon

Zaria er ein stor by i Kaduna nord i Nigeria. Han vart tidlegare kalla Zazzau, og var ein av dei opphavlege sju bystatane i kongedømet Hausa. Byen har like over ein million innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Zaria, tidlegare kalla Zazzau, var òg hovudstad i Hausa-kongedømet Zazzau.[1] Det har derimot budd folk her lenge før Zazzau oppstod.

Seint i 1490-åra kom islam til Zaria via systerbyane Kano og Katsina. Med islam blømde handelen mellom byane då handelsmenn førte kamelcaravanar fylte med salt i byte for slavar og korn.[1] Mellom 1400- og 1500-talett vart kongedømet ein vasallstat under Songhai-riket. I 1805 vart det erobra av Fulani under Fulani Jihad. Britiske styrkar leia av Frederick Lugard tok byen i 1901.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Den gamle delen av byen vart omgjeve av murar, men desse har i dag stort sett kollapsa. I gamlebyen og bydelen Tudun Wada har folk stort sett budd i tradisjonelle leirhus. Zaria har bydelane Samaru, Tudun Wada, Sabon Gari, Zaria-City, PZ, Kongo, GRA-Zaria, Hanwa og Shikka

Kjelder[endre | endre wikiteksten]