Zdzisław Hoffmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zdzisław Hoffmann

Statsborgarskap Polen
Fødd 27. august 1959 (64 år)
Świebodzin
Yrke tresteghoppar
Språk polsk
Høgd 191 centimeter
Zdzisław Hoffmann på Commons

Zdzisław Hoffmann (fødd 27. august 1959) er ein polsk, tidlegare friidrettsutøvar frå Świebodzin. Han tevla helst i tresteghopp, ei øving han vart verdmeister i under det fyrste VM i friidrett, i Helsingfors i 1983.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Hoffmann er særleg kjend for sine prestasjonar VM i friidrett 1983. Etter fjerde omgangen låg han på andreplass, med same lengde, 17,18 m, som favoritten Willie Banks frå USA. I femte omgang la Hoffmann på til 17,35 m og tok leiinga, før han i siste omgangen pynta vinnarresultatet med ytterlegare sju centimeter. For denne prestasjonen vart han kåra til Årets idrettsutøvar i Polen.

Hoffmann var forhindra frå å delta i OL i 1984 i Los Angeles, då Polen og dei andre aust-europeiske landa boikotta arrangementet. Sin personlege rekord på 17,53 meter sette han i Madrid 4. juni 1985. Sidan makta han ikkje å nå dei aller beste lengdene.

Han vart polsk meister i tresteghopp i 1981, 1983, 1984 og 1989. Hoffmann sin personleg rekord i lengdehopp er på 8,09 m, oppnådd i Warszawa i 1983-sesongen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]