Zeebrugge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zeebrugge
by
Land  Belgia
Del av Lissewege
Folketal 4 301 (2014)
Kart
Zeebrugge
51°19′51″N 3°12′27″E / 51.330833333333°N 3.2075°E / 51.330833333333; 3.2075
Wikimedia Commons: Zeebrugge

Zeebrugge er hamna i byen Brugge i Belgia. Kystbyen går nesten i eitt med byen Knokke. Strendene i Zeebrugge er om breie og langgrunne. Her er travel ferjetrafikk til både England og Kanaløyane med mange hotell og feriestader.

Gassterminal[endre | endre wikiteksten]

Mottaksterminalen for naturgass i Zeebrugge er eigd av Zeepipe-gruppen og Fluxys. Terminalen vert drive som ein integrert del av gassrøyrleidninga Zeepipe. Zeebrugge vart vald som ilandføringsstad for Zeepipe fordi staden ligg nær gasskjøparane i Belgia, Frankrike og Spania.