Zeeland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Provincie Zeeland
Provinsen Zeeland
Våpenet til Provincie Zeeland
Flagg Våpen
Plasseringa til Provincie Zeeland
Hovudstad Middelburg
Største by Terneuzen
Dronninga sin kommissær Han Polman (D66)
Religion (1999) protestant 35%
romersk-katolsk 23%
Areal
 • Land
 • Vatn
 
1 788 km² (10.)
1 146 km²
Folketal (2006)
 • Totalt
 • Folketettleik

380 186 (11.)
213/km² (10.)
Hymne «Zeeuws volkslied»
Offisiell nettstad www.zeeland.nl

Zeeland er ein provins i Nederland. Han ligg sørvest i landet og består av mange øyar som har gjeve opphav til namnet som tyder «Sjøland» på norsk. Ei stripe med fastland grensar til Belgia i sør. Administrasjonssenteret er Middelburg. Provinsen har om lag 380 000 innbyggjarar fordelt på om lag 2930 km², der nesten 1140 km² er vatn. Store delar av Zeeland ligg under havnivå. Den siste store flaumen i området var Nordsjøflaumen i 1953. Turisme er ei viktig næring i provinsen. Dei solrike strendene er populære feriedestinasjonar om sommaren. Dei fleste turistane er tyskarar. I enkelte område er det to til fire gonger så høgt folketal i høgsesongen som elles på året.

Område[endre | endre wikiteksten]

Frå nord til sør består Zeeland av:

Kommunar[endre | endre wikiteksten]

Kommunar i Zeeland er:

  1. Borsele
  2. Goes
  3. Hulst
  4. Kapelle
  5. Middelburg
  6. Noord-Beveland
  7. Reimerswaal
  8. Schouwen-Duiveland
  9. Sluis
  10. Terneuzen
  11. Tholen
  12. Veere
  13. Vlissingen

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Provinsen Zeeland er faktisk eit stort elvedelta ved munningen til fleire store elvar. Det meste av provinsen ligg under havnivå og vart demd opp av innbyggjarane over lang tid. Det som tidlegare var eit gjørmete landskap, og som var under vatn ved flo og tørt land ved fjøre, vart ei rekkje små menneskeskapte åsar som vart halde tørre. Folket i provinsen kopla etter kvart desse åsane saman ved hjelp av dike, som førte til rekkjer av tørt land som seinare voks til større øyar og gav provinsen den noverande forma. Forma på desse øyane har endra seg over tid på grunn, både naturleg og på grunn av menneske. Nordsjøflaumen i 1953 la store landområde under vatn og berre delar av desse vart tørrlagte igjen. Dette førte til at Deltaprosjektet der store demningar og dike vart bygd. Demningane, tunnelane og bruene er i dag særs viktige delar av vegnettet i provinsen og har erstatta dei gamle ferjesambanda.

Historie[endre | endre wikiteksten]


Grafschaft Zeeland (ty.)
Graafschap Zeeland (nl.)
Grevskapet Zeeland
Statar i Det tysk-romerske riket
Grevskapet Holland
 
County of Flanders
1299–1581
Hovudstad Middelburg
Styreform Monarki
Historisk periode Mellomalderen
 - Personalunion med
   Grevskapet Holland
 
1299
 - Vart med i Burgundisk Nederland 1432
 - Dei sytten provinsane grunnlagd 1477
 - Grunnlegginga av
   Dei sameinte Nederlanda
 
26. juli 1581

Det har vore folk busett i Zeeland-området sidan førhistorisk tid.

Zeeland var eit område som grevane i Holland og Flandern kjempa om fram til 1299, då greven av Holland fekk kontrollen. Sidan den gong har Zeeland stort sett følgd same lagnad som Holland. I 1432 vart det ein del av Nederlanda under Filip den gode av Bourgogne, som seinare vart Dei sytten provinsane. Gjennom giftarmål kom Dei sytten provinsane inn under Habsburgarane i 1477. I åttiårkrigen støtta Zeeland Utrechtunionen og vart ein del av Dei sameinte Nederlanda. Området som i dag heiter Zeeuws-Vlaanderen var ikkje ein del av Zeeland, men høyrde til grevskapet Flandern (som framleis var underlagt Habsburg) som vart erobra av Dei sameinte Nederlanda og derfor vart kalla Staats-Vlaanderen. Etter den franske okkupasjonen og opprettinga av Det sameinte kongedømet Nederland i 1815 vart dagens Zeeland forma. Den katastrofale Nordsjøflaumen i 1953 tok livet av 1800 menneske i Zeeland, noko som førte til det omfattande Deltaprosjektet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]