Zejaelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Zeja
Munning Amur
Land i nedslagsfelt Flag of Russia.svg Russland
Lengd 1242 km
Nedslagsfelt 233 000 km²

Zeja (russisk Зея; Manchu Jingkiri bira) er ei elv i Amur oblast i Russland og ei av sideelvane til Amur frå venstre. Ho er 1242 km lang og har eit nedslagsfelt på 233 000 km².

Elva har kjelda si ved Tokijskij Stanovik-ryggen, ein del av Stanovojfjella og renn gjennom Amur oblast til ho munnar ut i elva Amur nær Blagovesjtsjensk

Av sideelvar finn ein Tok, Mulmuga, Brjanta, Giljuj, Urkan, Kupuri, Argi, Dep, Selemdzja og Tom.

Dei største byane langs Zeja er Zeja, Svobodnyj og Blagovesjtsjensk. Kraftverket Zejskaja GED ligg òg langs elva.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]