Zeke Zettner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zeke Zettner
Fødd21. september 1948
Død10. november 1973 (25 år)
OpphavUSA
Sjangerrock
Instrumentbassgitar, gitar
Verka sommusikar

Thomas «Zeke» Zettner (21. september 194810. november 1973) var ein amerikansk musikar, mest kjend som bassist i bandet The Stooges. Zettner hadde opphavleg vore scenarbeidar for bandet, men erstatta den originale Stooges-bassisten Dave Alexander etter Fun House-albumet (1970). Alexander fekk sparken på grunn av store alkoholproblem.

Zettner var sjølv avhengig av heroin og var ikkje lenge medlem av bandet. Jimmy Recca tok etter kort tid over som bassist i bandet. Zettner døydde av ein heroinoverdose den 10. november 1973. Dødsfallet hans er nemnd i Iggy Pop-songen «Dum Dum Boys», frå The Idiot.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]