Zelenogorsk i Krasnojarsk kraj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Zelenogorsk
Зеленогорск
Flagget til Zelenogorsk Byvåpenet til Zelenogorsk
Flagget til Zelenogorsk Byvåpenet til Zelenogorsk


Plassering
Zelenogorsk i Krasnojarsk kraj is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Krasnojarsk kraj
Grunnlagd
Bystatus
1956
1956
Borgarmeister Aleksander Morgunov
Geografi
Flatevidd
 - By

22 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

68 507
  3 114 /km²
Koordinatar 56°06′00″N 94°35′00″EKoordinatar: 56°06′00″N 94°35′00″E
Høgd over havet 170 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 663690–663694
Retningsnummer (tlf) (+7)39169
Nettstad: www.zeladmin.ru

Zelenogorsk (russisk Зеленого́рск) er ein lukka by i Krasnojarsk kraj i Russland med om lag 70 000 innbyggjarar. Han var tidlegare kjent som Krasnojarsk-45 og var involvert i det sovjetiske atomprogrammet gjennom anriking av uran.

Byen ligg på venstre bredda av elva Kan, 180 km før ho munnar ut i Jenisej i Sibir.

Som ein lukka by gjekk han under kodenamnet Krasnojarsk-45 heilt til den russiske presidenten Boris Jeltsin i 1992 erklærte at slike byar kunne bruke sine historiske namn. Byen fanst ikkje på offisielle kart før då. Som tradisjonen var med sovjetiske byar som inneheldt hemmelege anlegg (som til dømes Oziorsk, kjend som Tsjeljabinsk-40, Tomsk-7 og Sarov, kjent som Arzamas-16), så er Krasnojarsk-45 i røynda eit postboksnummer og impliserer at staden ligg ein viss avstand frå byen Krasnojarsk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]