Zelenogorsk i St. Petersburg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Zelenogorsk
Зеленогорск
Byvåpenet til Zelenogorsk
Byvåpenet til Zelenogorsk


Plassering
Zelenogorsk i St. Petersburg is located in Russland
Zelenogorsk i St. Petersburg is located in Leningrad oblast
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt St. Petersburg
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2003)

12 000
Koordinatar 60°12′″N 29°42′″EKoordinatar: 60°12′″N 29°42′″E
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon

Zelenogorsk (russisk Зеленого́рск, finsk Terijoki) er ein by i Kurortnyj-distriktet i Sankt Petersburg i Russland med om lag 12 000 innbyggjarar. Han ligg ved Finskebukta, rundt 50 km nordvest for sentrum av St. Petersburg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Finskebukta ved Zelenogorsk

Staden Terijoki (opphavleg Tervajoki) høyrte i starten inn under busetnaden Kivinebb, som første gong er nemnt i historiske kjelder i 1445. Fiskarlandsbyen Terijoki har vore kjend sidan 1700-talet.

Etter den store nordiske krigen hamna byen i 1721, saman med Ingermanland, for første gong under Russland. Som ein del av Storhertugdømet Finland låg han under russisk styre heilt fram til slutten av tsarriket. Byen var i denne tida kjend som eit sjøbad og feriestad for dei meir velståande petersburgarane, særskild etter opninga av jernbanen til Viborg. Det er estimert at folkesetnaden i byen på nokre få tusne auka til over 50 000 om sommaren.

Etter at Lenin i 1917 erklærte Finland som suveren stat, var byen den sørlegaste i den unge republikken. I den finsk-sovjetiske vinterkrigen i 1939/40 vart Terijoki erobra av den raude armeen og byen vart sete for ein stalinistisk finsk marionett-regjering under Otto Ville Kuusinen. I 1944 vart byen endeleg lagt under Sovjetunionen. Etter den andre verdskrigen vart den opphavlege finske folkesetnaden i Terijoki evakuert og erstatta av russarar og andre folk frå Sovjetunionen.

I 1946 fekk Terijoki bystatus og i 1948 vart namnet endra til Zelenogorsk.

Økonomi og næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Zelenogorsk er i dag ein av dei største helse/rekreasjonsstadane i Sankt Petersburg-regionen. Byen og området rundt har mange kurbad, rekreasjonssenter og sommerleirar for barn. Byen har ingen viktige industriar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Zelenogorsk i St. Petersburg