Zelenogradsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Zelenogradsk
Зеленоградск
Byvåpenet til Zelenogradsk
Byvåpenet til Zelenogradsk


Plassering
Zelenogradsk is located in Russland
Zelenogradsk is located in Kaliningrad oblast
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Kaliningrad oblast
Grunnlagd 1252
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

12 138
Koordinatar 54°57′″N 20°29′″EKoordinatar: 54°57′″N 20°29′″E
Høgd over havet 3 moh
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) +7 40150

Zelenogradsk, (russisk Зеленогра́дск, tysk Cranz, litauisk Krantas) er ein by i Kaliningrad oblast i Russland med om lag 12 000 innbyggjarar. Han ligg ved Austersjøen i Samland, nær Den kuriske neset, rundt 30 km nord for Kaliningrad.

Byen er ein populært stad for helgeturar for innbyggjarar i Kaliningrad.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Cranz (no Zelenogradsk) i 1900.
Jernbanestasjonen i Zelenogradsk

Staden der Zelenogradsk ligg i dag var opphavleg ein prøyssisk fiskarlandsby, nær Kaup, ein prøyssisk by på Austersjøkysten i vikingtida. Området kom under Den tyske riddarordenen og vart busett av tyskarar. Det tyske namnet Cranz, opphavleg Cranzkuhren, kjem frå det gammalprøyssiske ordet krantas, som tyder «kysten».

Staden vart verande ein liten fiskarlandsby fram til 1800-talet, då landsbyen vart det fremste badeferiestaden på kysten av Aust-Preussen i Kongeriket Preussen, særskild etter at det vart bygt ei jernbanelinje frå Königsberg (no Kaliningrad) i 1885. Frå 1816–1895 var han kjend som das königliche Bad, eller «den kongelege badestaden». Trass i tilstrøyming av turistar var fiskeindustrien sterk og røykt flyndre var ein regional delikatesse. Staden hadde over 6 000 innbyggjarar før den andre verdskrigen, men hadde ikkje bystatus.

Området vart okkupert av Sovjetunionen under den andre verdskrigen og så annektert som ein del av Russland. Byen vart derimot lite skadd av krigshandlingane. Den tyske folkesetnaden flykta eller vart utvist etter krigen var over. Namnet på landsbyen vart endra frå Cranz til Zelenogradsk eller «Grøn by» på russisk og fekk bystatus etter 1945.

Turistindustrien vart vanskjøtta under den kalde krigen og den førande rolla til Zelenogradsk vart overteken av den nærliggande byen Svetlogorsk (tidlegare Rauschen). Dette har endra seg noko sidan 1990. Zelenogorsk har vorte meir populær igjen og mange rike moskovittar eig private hus i området.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Zelenogradsk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]