Zemgale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Latvisk kulturelle og historiske regionar og byar

Zemgale, òg kjend under dei latiniserte namna Semigalia eller Semigallia (latvisk Zemgale; tysk Semgallen; litauisk Žiemgala) er ein historisk region i Latvia, som stundom òg inkluderer delar av Litauen. Det har fått namn etter det baltiske folket semigallarar. Zemgale ligg til venstre for elva Daugava og grensar til Selonia, Litauen og Kurland.

Innanfor Latvia er Zemgale rekna som ein av fire kulturelle regionar. Det ligg i sentrale og sørlege delar av Latvia og består av fylka Bauska, Dobele og Jelgava. Regionen er stort sett flat. Lielupe er den viktigaste elva etter Daugava. Av viktige byar finn ein Jelgava, den tidlegare hovudstaden i Kurland og Semigalia, og Bauska.

I mellomalderen var Semigalia ein del av Kurland og var i lag med dette området ein del av Latvia etter den første verdskrigen.

Regionen Selonia vert ofte rekna som ein del av Semigalia. Selonia utgjer dei austlege områda av provinsen Semigalia, som låg sør for Daugava. Tradisjonelt omfatta Selonia òg delar av det nordaustlege Litauen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]