Zenereffekt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Zenereffekt er ein kvantemekanisk tunneleffekt som mellom anna opptrer i halvleiardiodar. Effekten fører til at straumen i ein diode aukar sterkt når spenninga i sperreretninga i dioden går over ein terskelverdi. Dette vert nytta i referanseelement for spenningsstabilisatorar, som til dømes zenerdiodar.

Teorien for zenereffekten er gjeven av den amerikanske fysikaren Clarence Zener.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]