Zenica

Koordinatar: 44°12′N 17°56′E / 44.200°N 17.933°E / 44.200; 17.933
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zenica
Ei gate i Zenica.
Ei gate i Zenica.
Ei gate i Zenica.
Styresmakter
Land Bosnia-Hercegovina
Geografi
Flatevidd 43,01 km²
Flatevidd
 - By

499,7 km²
Innbyggjarar
 - By (estimert)
   - folketettleik

146 000
  293/km²
Koordinatar 44°12′N 17°56′E / 44.200°N 17.933°E / 44.200; 17.933
Diverse anna
Telefon-retningsnummer +387 32
Heimeside: http://www.zenica.ba/
Nettstad: www.zenica.ba

Zenica (kyrillisk Зеница) er ein industriby i Bosnia-Hercegovina, og den fjerde største byen i landet etter Sarajevo, Banja Luka og Tuzla. Han er òg hovudstad i kommunen Zenica-Doboj i Føderasjonen Bosnia-Hercegovina. Han ligg om lag 70 km nord for Sarajevo ved elva Bosna og om gitt av fjell og åsar i Dei dinariske Alpane.

Byen sitt Stara čaršija (gamle kvarter) inneheld fleire turistattraktsjonar, inkludert ein synagoge, som no er bymusem og kunstgalleri. Det finst òg ein moske (Čaršijska), ei austerriksk fontene og eit gamalt gardshus (Hadžimazića House).

I ei skildring frå 1697 vert det nemnd at Zenica er «Nilens delta, der melonane veks i eit vakkert landskap». Ein meiner at byen den gong hadde omkring 2 000 innbyggjarar, der bosniarane dominerte. Mot slutten av 1700-talet vert òg serbarar og kroatar nemnd, og på 1800-talet jødar. Etter øydeleggingar gjort av Eugen Sovojski-soldatane i 1697, vart området stabilisert og byen byrja å vekse. Etter at tyrkarane vart slått i 1878 og Austerrike-Ungarn tok over makta, vart jarnbanen Bosanski Brod-Zenica bygd i 1879. I [1880 opna kolmina, i 1885 ein papirfabrikk, i 1892 jernverket og i 1886 eit fengsel. Alle desse utbyggingane var viktig for den seinare utviklinga til byen.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]